«Orda er ikkje lenger stigen»

Etterord i utgjevinga «R. S. Thomas, Ein stad mellom tru og tvil» Dikt i utval.
Gjendikta av Hans Johan Sagrusten.

Efrem forlag, 2013

 

«Orda er ikkje lenger stigen»

Utsegna er R. S. Thomas’ eiga ‘helsing’. Ei utsegn for tap av tru og håp? Det kan hende, vi får sjå. Det er henta frå det siste diktet i denne samlinga, og sist står det òg i Residues, samlinga diktaren var i gong med og visste ville bli utgjeven kort tid etter sin død. Han døydde i år 2000, i Wales, der han flytte lengre og lengre vest utover i sitt 87-årige liv, fødd som han var i 1913; dei eldste spora av R. S. Thomas er difor 100 år i år.

"Ein stad mellom tru og tvil» Efrem forlag 2013
«Ein stad mellom tru og tvil» Efrem forlag 2013

Ein stad mellom tru og tvil tar seg fram i dei siste femti. Det er eit stykke veg frå Spindrift, diktarens første diktsamling som vart skriven på 1930-talet og aldri utgjeven, og til grinda som opnar seg inn til dei markante samlingane Sagrusten har hovudstamma i utvalet sitt frå. Dette er dikt som etablerte Thomas som ein hyrde ‘med lykti i hand’ – for å låne ord sagt om Arne Garborg – for å kaste lys over sitt hovudtema: Gud og hans fråvær; Guds mørke nærvær.

Dikt skrivne før 1963 er difor knapt med, og mange er det heller ikkje frå dei aller siste samlingane. Heilt nyleg kom samlinga Uncollected Poems, og nye bøker om diktaren utgjevne i 2013 er ein tendens vi har sett ei stund; det er ikkje berre jubileums-virak.

*

Den mange først tenkjer på når walisisk dikting blir nemnt er ein annan Thomas enn ‘R.S.’ Dei var like gamle, men der R.S. både vart gamal og rik på sjølvkritikk, døydde Dylan Thomas, eit ung-geni og tyngja under sjølvøydelegging, så altfor tidleg. Litterært var dei nok begge inspirerte av ein tredje Thomas av walisisk opphav: Edward.

R.S. oppdaga Edward Thomas allereie i sin ungdom, og den eldre (som i røynda aldri vart gamal) vart viktig for den tidlege diktinga til R.S. Utover på sekstitalet, då R.S. for alvor byrja utvikle sin eigen stil, såg han med nye auge på Edward Thomas; her fann han ein som hadde absorbert mykje av Wordswort’s symbolisme, og noko av Keats’, inn i si dikting. Den kjenslefylte og psykologisk underbygde naturpoesien til Edward Thomas kunne reflektere individet og hennar psykologiske situasjon, framandgjeringa for oss sjølve og vårt univers, det framande og ukjende i oss og utanfor oss. Så langt Edward.

R.S. kan i samanlikning med Dylan virke tørr og tung. Men om ‘vår’ Thomas hadde mottatt Nobelprisen i litteratur i 1996 – og ikkje berre vorte nominert – ville saka om kven som er å rekne for Wales’ store diktar vore mindre diskutabel – på papiret.

Hadde vi spurt R. S. Thomas sjølv, ville han nok ha svara på eit uforståeleg walisisk. Han gjorde det om spørsmåla var for dumme.

R. S. Thomas snudde ikkje kappa etter vinden. Men med dette var han òg eit trugsmål for seg sjølv; han stod i fare for å skyggje for sin eigen poesi. I eit barskt, overskya, men vakkert og turist-infisert Wales, vart Thomas teikna som eit kulturelt ikon, beisk, ugjestmild og kald som den fuktige vestavinden mange walisarar gladeleg sendte vidare inn over engelsk land.

Diktaren var ikkje snar til å la seg intervjue, men han var heller ikkje heilt taus; han gav ut ein sjølvbiografi. Neb var rett nok på walisisk – og skriven i tredje person – og når vi les byrjinga på Ian Hamiltons melding av den andre sjølvbiografiske boka Thomas kom med (1997), forstår vi at R. S. trivst i det tvitydige:

R.S. Thomas’s four autobiographies (four memoir essays, really) were written in Welsh, and the most substantial of the four – first published in Wales a dozen years ago – was titled Neb, which means ‘nobody’: as in ‘a nobody’ or ‘nobody very special’. And this fits with our uncertain view of Thomas these past four decades. Has this poet been too humble? Or has he been too proud? Is he to be admired for self-effacement or chastised for self-absorption? Over the years, Thomas has asked himself such questions many times, and his replies have been as non-definite as ours.

Konteksten gjorde at mange kritikarar peika på R.S.’ viktige rolle som poet for Wales, men sjølve dikta vart i for stor grad marginaliserte. Rett nok selde han samlinga Collected poems i eit opplag på tjue tusen, støtta opp av ein stigande popularitet og skriving som nok etablerte diktaren, men som i liten grad hadde framheva dikta ut frå dei litterære kriteria åleine.

Debatten om kvaliteten på dei litterære kleda til diktaren har difor kome og gått og aldri heilt vorte konkludert.  Prosodien (i vid tyding) – stil og teknikk, form og rørsler – har fått for lita merksemd, vil dei fleste vere einige om.

Alt i 1972 erklærte magasinet Poetry Wales, i ei utgåve dedisert R. S. Thomas, at han var Dylan Thomas’ arvtakar. Motsett har den walisiske poeten Robert Minhinnick meint at R. S. Thomas har vore overvurdert.

Dei seinaste åra har det stadig kome til artiklar om diktarens eigenart; M. Wynn Thomas, ein av dei fremste ekspertane på R. S. Thomas, og poetane Damian Walford Davies og Damian Lloyd, bør her nemnast.

Men det er professor i moderne britisk litteratur, Westover_AstylisticBioDaniel Westover, sjølv litterært prisløna poet, som har dykka djupast ned i tematikken. Han kom nyleg med boka R. S. Thomas, A Stylistic Biography. Her kjem han med ein kritisk gjennomgang av R. S. Thomas’ prosodi og utvikling. Sjølv om han meir ønskjer å opne for samtale enn å konkludere, gjer han det òg; R. S. Thomas var den mest stilistisk progressive poeten i sin generasjon, seier han. Westover siterer poeten J. Meek-Davies i konklusjonane sine som i ei melding av innleiingsvis nemnde Residues seier at R. S. Thomas sjølv i døden maktar å liggje føre. Unge Westover stør tanken om at ein ny generasjon av kritikarar må ny-lese R. S. Thomas, fristilt frå ikonet.

*

Sjølv om ikonet på mange måtar tedde seg som éin i rørsla av beiske munkar som på 300-talet drog ut i den egyptiske øydemarka for å søkje Gud i stilla og einsemda, hadde han – som ein hovudperson i populære fiksjons-sjangrar – ein fasettert karakter; han gifte seg på nytt 83 år gammal.

mildred-elsie-eldridge-848489482Underleg er det likevel ikkje at dei vakre kjærleiksdikta Thomas skreiv på slutten av livet sitt, ikkje var til henne, men retter seg til den første kona; Mildred Eldrigde, biletkunstnaren – ‘Elsi’.

Mannen som knapt tala med nokon (heller ikkje med Elsi, i følgje sonen Gwydion) talar di tydelegare då han 78 år gamal i sine eigne hender ber Elsi inn i heimen og opp til soverommet på loftet for at ho skulle få oppfylt sitt siste ønske: å døy heime. Han ville vere brudgom òg i døden. Og kjærleiksdikta til henne, om dei så er skrivne på forblåsne klippeformasjonar i Wales, er vakre krystallar, som snø-korallar.

«samanlikningar»

Med alle lette ting

likna eg henne, med

ei snøfjon, ei fjør.

Eg hugsar ho kvilte

mot armen min då vi

dansa, lik ein fugl

på reiret, redd egga

skulle knusast, redd

ho låg for tungt

på kjærleiken vår. Snø

smeltar, fjører

blæs bort;

eg har senkt

oska hennar ned

i meg lik eit anker.

I diktinga hentar R. S. Thomas metaforar frå naturen, og i kjærleiksdikta særs fuglane, og, som vi seinare skal sjå, frå sin praksis som anglikansk prest; han har ein balansert bruk av sterke verkemiddel; spranga i tid og fargetonar er elegante, og fremst av alt: dei medvitne brytingane av verselinja er ein særeigen signatur som mangfaldiggjer tydingane.

EIT EKTESKAP

Vi møttest

under ei skur

av fuglesong.

Femti år gjekk,

kjærleikens augneblink

i ei verd

som trælar under tida.

Ho var ung;

eg kyste med augo

att og opna dei

mot rynkene hennar.

«Kom» sa døden

og valde henne til

partnar før

siste dansen. Og ho,

som i livet

hadde gjort alt

med ynde som ein fugl,

opna no nebbet

og sleppte

eit sukk, ikkje

tyngre enn ei fjør.

Som mange fromme gudsvener har freista å tale om trua, slik skriv Thomas om kona si. (Frå «Det er slik det er»):

… Finst det tornar / i livet mitt, er det ho / som trykkjer brystet mot dei og syng.

Nyleg kom ei utval med tittelen Poems to Elsi (Damian Watford Davies, 2013), der ordet ‘til’ er heilt bevisst. Å bruke preposisjonen ‘om’ blir ofte ikkje rett. I diktet «Til dømes» (side 23), med både vakre og bittersøte ord, er det lett å tenkje at det er diktaren med si Elsi som diktet handlar om. Men vi må ikkje gløyme at diktet er frå ei tidleg samling. Kvinna som døyr i diktet er ikkje Elsi. Det skjer 25 år seinare.

Det er mange dikt å hente frå, og heller ikkje den sistnemde samlinga har med dei ekfrastiske dikta; Elsi var jo kunstnar. R.S. dikta ikkje berre om biletkunst, men òg om musikk, om forfattarar og filosofar.

Sagrusten skriv i forordet om utvalet han har gjort for denne samlinga. Det geniale i å fokusere på dikta om Gud og kjærleiksdikta til Elsi, er følgjande: Dikta til henne er ikkje blomster som klorer seg fast i sprekkene i Thomas’ berg av religiøs dikting – dei er ein del av berget. Til og med fuglekikking, den store hobbyen R.S. sa han starta med som ein reaksjon, ein protest, mot maskina: den moderne verda si havesjuke og øydelegginga av jorda – går inn i heilskapen i diktinga, og i sær i dei vakre dikta til Elsi; i kjærleiksdikta finn ein slik alle Thomas’ fokus fletta saman: Wales og fuglane, kjærleiken til Elsi og Guds mysterium; i dei har R. S. Thomas vove eit stykke tøy uten saum.

Eg las «Samanlikningar» – og vart varm. No les eg «Stilt» sakte – og ser ‘som gjennom vatn’.

STILT

Kvart år venta du med utol

på fugletrekket om hausten.

Fuglane fór, og det var over.

Så var det din tur. Du fór,

ikkje sørover, til eit skinande,

solljost land, men ut

i mørkret, der ingen polar

finst, ingen horisontar kjem

imot deg. I går kveld, då eg rusla

dit dei tunne beina dine fekk seg reir,

bles det ei ugle ned frå steinkrossen din,

mjukt som ein fjuk frå ein tistel. Og eg undra meg.

R. S. Thomas var ingen spiritualist, men eg kan ikkje unngå å tenkje på Monsieur de Sainte-Colombe, komponisten og gambespelaren frå 1600-talet, og møta med kona si – etter hennar død – så konkret og vakkert skildra i Pascal Quignard sin vesle roman, Tous les matins du monde (omtrent: ‘alle morgonar i heile verda’ og mest kjent i filmatiseringa med Depardieu i hovudrolla i Alle årets dager.) Hos R. S. er symbolismen gjort åskodeleg – på ramme alvor.

*

R. S. Thomas’ Gud er ‘god of the gaps’. Og som Gud er den 125

skjulte, absconditus, fann han Elsi abscondita. Kan hende elska han henne for høgt. Og kan hende er alle dikta i denne samlinga kjærleiksdikt … eller – elska Thomas verkeleg Gud?

For har eg ikkje lese at han på ei av sine reiser skreiv noko som er nær støytande? (Han sat ikkje berre på dei salte berga i Wales, han fór til Alaska for å sjå kvalar, Dubai for fuglar – det var no visst ein litterær konferanse der òg…) Han var i Brasil då han skreiv:

I Hellas fylgde vi spora av Gud opp på Olympus, men han forsvann, som alltid, i den tynne lufta. Kanskje Gud likevel er ei ape? Dei liker å urinere på framande.

Som i dikta ligg orda med undertekst som var dei ei rekkje av isfjell. Han skreiv dette 85 år gamal, og saman med den siste kona, Betty Vernon – ei kvinne som både «røykte, drakk og banna» – hadde han nokre gode år. Han vart meir munter, seiest det. Elsi sjølv kalla sin Ronald Stuart for ‘R.S.’ Men då poeten Gwyneth Lewis, på ein konferanse for skrivande i Barcelona, stilte R.S. spørsmålet: «Kva skal eg kalle deg?», svara han: «Kall meg Ronaldo.»

*

2013 er ei hundreårsmarkering av R. S. Thomas’ fødsel. Ved hans død stadfeste ei markering i Westminster Abbey at vestavinden hadde spreidd spirande frø utover heile det britiske kontinentet. Her las blant anna den engelske hoffpoeten Andrew Motion og skotten og nobelprisvinnaren Seamus Heaney dikta hans. Den nyleg avdøde Seamus var forresten den som snappa nobelprisen det året R.S. var nominert. Thomas kunne vere arrogant, men om si eiga dikting bruka han å svare; «Å, det går i søpla alt i hop.»

Sjølv om han flittig brukte papirkorga, seiest det, er det ikkje der vi finn årsaka til tittelen for dette etterordet; det veit vi – 1500 dikt vart det til slutt. Kritikarar (og truleg lesarar) har lett vorte fanga i førestillinga om at R. S. Thomas sjølv er forteljarstemma i alle dikta. Sjølvsagt er han det òg, i noko grad. Han har sjølv skapt denne linsa dikta har vorte sett gjennom.

Thomas_lnadscape

Det er lett å tru at «Orda er ikkje lenger stigen» er diktarens eigen trong for å sjå Guds englar stige opp og stige ned i orda han fyller papiret med. Men som prest veit han at stigen ikkje vart senka ned berre for Jakob. Han var berre ein sjåar. På det viset er Thomas ingen subjektiv postmodernist, knapt nok ein modernist – sjølv om han stilistisk er det eitt hundre og tjue prosent. Han er djupt plassert i ‘dei frie vers’ og prest med både Baudelaire og Rimbaud på nattbordet. Han dikta om dei òg. Men han skreiv ikkje for seg sjølv og ville det fekk noko å seie for andre. Han skreiv for oss.

Men før ein besøkjer orda frå Thomas og tassar rundt i den turre jorda der stigen til Gud skulle ha vore senka ned, kan linja frå diktet få vere ei kontrastvæske i R. S. Thomas sjølv og gjere synleg den verkeleg store inspirasjonskjelda han peika mot; var denne diktaren berre ei unnamanøver då R.S. sto på ‘høgda av sin karriere’? Nok eit døme på å røykleggje åstaden? For Wallace Stevens, den kjende amerikanske diktaren som sprada rundt i stråhatt, ruta dress og spaserstokk, kunne det vere mogleg? At R.S. hadde lese eit dikt av Yeats kvar dag i sitt vaksne liv kunne ein kanskje forstå, men han nemde òg Stevens? Kvar dag?

Ein skulle tru Thomas ville sjå mot andre enn Wallace Stevens som inspirator og førebilete. Å, ja , litterært, tenkjer ein. Men korkje i form eller innhald liknar dei. Og i sjølve fundamentet, trua og teologien…

Stevens meinte Gud og poesien djupast sett var det same, dei hadde same funksjon; Gud var skapt av poesien:

The major poetic idea in the world is and has always been the idea of God. One of the visible movements of the modern imagination is the movement away from the idea of God.

Så langt kunne nok Thomas støtte Stevens, men ikkje i konklusjonen:

The poetry that created the idea of God will either adapt it to our different intelligence, or create a substitute for it, or make it unnecessary. These alternatives probably mean the same thing.

Stilistisk er Stevens, om noko, ein leiken poet av kjensler og aningar, mens Thomas, om nokon, ein poet med ‘idear’. Og i den grad vi søkjer ideane hos begge, kan ein hos Stevens finne at ein ender opp der, men i Thomas’ dikt er det gjerne der han startar, for så å utfalde aningar og bilete for å skildre dette og trekkje lesaren inn i kjensler som kretsar rundt ideen.

Det er svært feil å trekkje konklusjonen om at Thomas kunne nådd lesaren like godt med prosa. For det er nettopp dei poetiske verkemidla som gjev ‘ideen’ kraft til å overtyda. Thomas meinte vegen til intellektet gjekk gjennom hjartet. Eit dikt er eit ekko i hjartet til ein annan. Kan hende fann R.S. ukjente, men farande vegar hos Stevens.

Thomas skreiv to dikt med direkte referanse til Stevens, «Wallace Stevens» og «Homage to Wallace Stevens», ingen av dei er gjendikta til norsk. Eit tredje dikt er eit kontrapunkt til eit kjent Stevens-dikt: «Thirteen Ways of Looking at a Blackbird» (Diktet finns i Jan Erik Keiseren av iskremVold si gjendikting i eit utval med tittelen Keiseren av iskrem, Gyldendal 2009) Professor William V. Davies essay om dei to diktarane i boka R. S. Thomas, Poetry and Theology viser korleis Stevens, i eit forsøk på å gje innhald til sitt berømte «Nothing that is not there and the nothing that is», lar svarttrostane symbolisere vendingane i ein manns sinn. R. S. Thomas, i sitt «Tretten svarttroster ser på et menneske» (Diktet er gjendikta av Kramer Dahl i Efter Jeriko, Solum 1990), lar svarttrostane skape eit intenst fokus mot mannen. I begge dikta dukkar han til sist opp som ein apokalyptisk skapnad i form av døden. Diktet er eit godt døme på litterær ulikskap, tematisk og stilistisk, hos diktarane.

Kan løysinga vere så enkel at R. S. Thomas i Stevens fann både ei kjelde for å halde sin imaginasjon open og vital og samstundes ein frodig kulp; flyte på Lysten ved teksten, for å bruke Barthes ord?

Om Stevens dikting seier R.S. at «hans dikting / var hans kyrkje» der han «brende sine metaforar som røykjelse» og at «hans syntaks var høg / som hans religion».

Men ein verkeleg likskap mellom diktarane er knytt til ein metafor R.S. hentar frå ein person han både dikta om og uttala var ein inspirasjon; Søren Kierkegaard. Danskens ‘sytti tusen famnar’ bruker Thomas i eitt av dikta om Stevens, der han først ‘teiknar opp’ poeten (som seint vart diktar):

was for years dumb

Mumbling the dry crust

Of poetry, until the teeth grew

Ivory of a strange piano

The deep spaces between stars

Fathomless as the cold shadow

His mind cast

R. S. Thomas bruker her ‘fathomless’ i tydinga mangetydig meining. Eit kjenneteikn på hans eiga dikting; verselinja blir broten og diktet aldri ført inn på langgrunt vatn. På djupna trivst Thomas. Og det var her han fann ein alliert i Stevens, trass at dei i framtoning ikkje såg ut til å kome frå same klode. Wallace frå Hartfords forsikringsbransje, i dress og blankpussa sko; R. S. med polise i den anglikanske kyrkja og frakk og støvlar i Wales, i Manafon, Eglwys Fach og Aberdaron.

Blessings, Stevens

I stand with my back to grammar

at an altar you never aspired

To, celebrating the sacrament

of the imagination whose high-priest

notwithstanding you are.

*

I vår protestantiske røyndom kan utsegner R.S har kome med virke universalistiske. At til dømes ein annan religion kan vere ein farande veg om det er den vegen ein har, finn mange vanskeleg å akseptere at han kan seie. Men R. S. Thomas hadde ein djup kristen identitet. For han var altaret staden der stigen var reist. Sakramentet (nattverden) var kristendom per se.

Thomas nekta å vende seg mot kyrkjelyden då den anglikanske kyrkja flytta altaret og endra kvar presten skulle stå i messefeiringa. Han valde å bli ståande vendt mot Gud.

Få kan trå Gud så nær og samstundes utfordre som R. S. Thomas, men samstundes vise at han står på heilag jord. Han har mange bilete på Gud, konfronterande – men aldri spottande, fornøyelege – men som gjer at menneska blir avkledde (frå «Den tome kyrkja»):

Dei la denne fella av stein / for han og lokka han med talgljos, / som om han skulle koma inn frå mørkret / lik ein kjempestor nattsvermar og flakse ikring der.

Ein indirekte og utfordrande konfrontasjon med Gud finn ein i diktet «Øya»:

Og Gud sa: Eg vil byggje ei kyrkje her

og gjera så folket her må tilbe meg

og slå dei med fattigdom og sjukdom,

til løn for hundreår med hardt slit

og tolmod. Og veggene skal vera harde

som hjarto deira, og vindaugo sleppe inn ljoset

motviljug, som sinnet deira, og orda frå presten drukne

i jamringa frå vinden. Alt dette vil eg gjera,

sa Gud, og sjå kor det bitre i augo deira

veks, kor lippene fyllest med verk131

frå bønene deira. Og kvinnene deira skal føde

på altara mine, og eg skal velje dei beste

av dei til å kastast attende i havet.

Og det var berre på éi øy.

Eg spør Thomas om han ser på seg sjølv som ein profet? Han svarar på walisisk. Men dikta hans viser at han så visst trur profetane til alle tider har funnest, med den same krafta og i eit språk som til alle tider har sprengd hyggja:

SÅLEIS

Same kva du tenkjer deg,

så har det hendt. Ingen ord

som ikkje er sagde, ingen gjerningar

som ikkje er gjorde; vin forgifta

i kalken, lik

misbrukte. Alt medan engelen

frå Jesaja fer hit og fer dit

med den logande gloa.

Lika i kalken (R.S. Thomas brukar ordet ‘corpses’ som vi høyrer i engelsk krim på tv, men eigentleg er eit gamaldags ord for lik, og ordet som er omsett til ‘misbrukte’ er ‘raped’, som kan bety restar av druene under vinproduksjonen.) Han omtalar dei som Kristus opp gjennom tidene alltid har kalla sine, og alt skjer til tagnad, ‘Ingen ord’ (første vers) blir sagt om det som har hendt. ‘Ingen ord’ skiftar så i neste linje meining og blir ein del av ‘synda’, dei vonde gjerningane. Slik bretter Thomas lag av meining inn i dikta. Og det kan så visst vere ‘indrekyrkjeleg’ kritikk i dette; engelen frå Jesaja reinsar undervegs lippene til den eine etter den andre for å kunne tale sant om Gud, men likefullt skjer ugjerningane. Frå dei same?

Ein kan stundom lure på om Thomas er på menneska si side, om han vil sin kyrkjelyd godt. Det er underleg å sjå korleis han som prest omtalar hendingar i soknet med passande kutyme, og i neste augneblink gjev hendinga plass i eit anna ljos som er langt frå flatt og kjenslefritt i ei ‘nådelaus’, poetisk røynd. Diktet «Evans» er eit godt døme:

Presten R.S. Thomas skriv i kyrkjebøkene: «6. februar, gravferda til William Evans, 49 år. Herr Evans hadde hatt ein lang og prøvande tid til sengs etter den fatale ulukka.» 

Poeten (I Solum si Kramer Dahl-omsetjing) skriv:

«Evans? Ja, mang en gang / Kløv jeg ned den nakne / Trappen til det dystre kjøkkenet / …

… // Det var ikke mørket mot øynene / Og i munnen som forferdet meg; ikke engang / Sildringen av regn som blod fra det ene / Værpiskede treet. Det var mørket / Som klumpet seg i årene til den syke mannen / Jeg forlot skibbrudden på den veldige / Og ensomme stranden av hans egen ødslige seng.

Men om han i dikta tilsynelatande kan omtale folk i vonde vendingar – særleg i kontrast til dei han vil løfte opp (sjå t.d. diktet «Ann Griffith» s. 44) finn ein dikt med stor empati for folket òg:

ORDET

Ein penn kom til synes, og guden sa:

«Skriv korleis det er å vera

menneske.» Og handa mi stod

lenge still over den blanke sida,

til bokstavar tok til å forme seg

på den nakne flata, lik fotefaret

til ein vandrar som har

gått seg vill, og eg stava

ordet «einsamt». Og handa mi ville til

å stryke det ut, men røystene

frå alle som ventar ved livets

vindauga, ropa: «Det er sant.»

I R. S. Thomas’ dikting er det ikkje rom for illusjonar, tynne abstraksjonar, men orda er knytt til staden, til naturen, til dei tidlause teikn som kan peike på meining og som taler sant om Gud. Og denne talen er sublim. I diktet ‹På bølgjevis» skraper diktaren berget reint for laus masse, og som Kristus fann ei klippe å byggje si kyrkje på, søkjer Thomas feste for trua:

… Bølgjene slår opp på stranda / og glid attende. Eg spring / opp vegane mot Gud / og glid attende. Brenningane kjem att / og strekkjer seg lengre; / gneg vidare på fastlandet / Det har dei gjort i tusentals / år og avdekt litt etter litt / berget under overflata.

Thomas’ forteljarstemme slepp seg ned i bølgje-metaforen for å ta seg sjølv og lesaren tilbake i historia som har avdekt berget – grunn-dogmet i trua, Kristus komen i kjøt – for så, seinare ut i diktet å tangere den einskilde sin kamp; kan hende er kampen òg å dele sanninga ein meiner å ha sett (t.d. Thomas’ oppgåve å forkynna), men som stadig taper seg i sublime erfaringar. Diktet tar seg vidare, om enn i ein subjektiv forteljar-posisjon, mot ei objektivt oppgåve: tale på vegne av alle sine personlege, bitre erfaringar i møtet med Gud – det ugjennomtrengelege berget, og vise, framleis i ei rørsle som havet, som tidvatnet, søkkje, senke seg ned på kne og, kven veit, kan hende det er med Guds kraft dette: dei bedande må løfte ei flo av bøner mot han, frå Abraham som bad for byen og til den einskilde sin agenda.

Til slutt ligg ein utmatta med kinnet mot berget; «i rivnene hans strimer av nåde / der trua kan slå rot og vekse».

800px-Marloes_Sands_Dusk_Wales_UK_2004R. S. Thomas, som søkte eit autentisk Gudsnærvær i mørke krokar i sine kyrkjer, i lyset på heia og mellom klipper ytst ute i Wales; der dei fortsatt snakka keltisk – eit språk Thomas lærte seg, men som han med sorg måtte erkjenne han aldri kunne dikte på, som lar kikkerten gli over forblåsne landskap, men som berre såg fuglar og lidande menneske; som ikkje kjende seg forlaten, men etterlaten av Gud – ei hard erkjenning for ein anglikansk prest – vart aldri lei av å stille spørsmålet om kvar Gud var å finne, og han både ikkje svara og svara sjølv:

Suffler meg, Gud,

men ikkje enno. Kvar gong eg talar,

endå om det er du som talar135

gjennom meg, er det noko som går tapt.

Meininga ligg i å vente.

(frå «Venting»)

*

Så er det til slutt berre tilbake å seie dette: Wallace Stevens, og han med mange andre etter Matthew Arnold, ville halde fast ved at ‘orda er stigen‘, men at den du finn på toppen djupast sett er deg sjølv. R. S. Thomas har ein heilt annan agenda med desse orda. Det er den moderne verda som hindrar oss i å sjå Gud. Det er fordi ho gjev oss ureine hjarte. Det er maskina han vil ha til å ruste. Kramer Dahl seier i sitt etterord i Efter Jeriko:

«Enhver leser av hans poesi vil umiddelbart oppleve at Thomas’ ubehag overfor den moderne verden stikker dypere enn hos tidens gjengse poet, som strør om seg med noen sosiale og eksistensielle spørsmåltegn nærmest av gammel laugsvane. Hos Thomas er ubehaget gått over i en klar erkjennelse av at all menneskelig handel og vandel i beste fall er et ørkesløst tidsfordriv.»

For Thomas var temaet Gud, og verkemidla var knytte til erfaringane som prest. Ibsens «Å dikte er å se» passer i høgste grad godt på Thomas, og han hadde nok lese «Seerbrevet» av Rimbaud, og om ikkje han var einig i vegen fram til å bli ein sjåar, så støtta han nok franskmannen i målet.

Thomas uttrykte sjølv ein grunnleggjande tese. I Neb skriv han: Livet er ei pilegrimsvandring, og om vi ikkje har lykkast å kome eit lite stykke nærare sanninga, om vi ikkje har ei betre oppfatning av Guds vesen før ein har nådd reisa til endes, kvifor starta vi då reisa i det heile tatt? (Autobiographies, 106)

«Det rikaste språket»

Det rikaste språket

som verda har kjent,

og endå heng tunga som

lamma i møte med trugsmålet

frå Stalin, Hitler, Pol Pot.

Adjektiva er trøytte,

verba ubestemte, berre fakta

er enno ferske; dei spirer opp frå jorda

som er gjødsla med skuldlause offer.

Orda er ikkje lenger stigen

der englar stig opp og stig

ned. Dei blir kasta mot oss

snøggare enn vi kan femne dei,

slengde til sides

når dei ikkje lenger gjer nytten

som reklame. Sex

er for stutt eit ord

til å oppfylle krava

frå kjærleikens litteratur.

Jetflya susar der oppe

i høge lufta, men får ingen hymnar

tileigna seg, slik som lysande ånder.

Mindre enn eit år før han døde vart R. S. Thomas spurt kvifor han dikta så mykje om Gud.

– Fordi eg trur på Gud, svara han.

– Very well, but what sort of God?

– Han er ein poet som song skapinga, svara R.S. – Og han er også eit intellekt med eit ultra-matematisk sinn som han forma heile universet inne i. Svaret er å finne i eit kapittel av Augstins Vedkjenningar der han seier: «Dei ropte alle med ei røyst, Han skapa oss.»

Om orda framleis skal vere stigen, må dei innehalde sanning. Det eg no vil gjere, er å snu på ei kjend retorisk utsegn, tilpasse ho til føremålet (vi som er sterke, rike vellukka, gjer vi noko liknande med gudsorda?). Er kan hende det er no gjer noko som kan knekkje eit trinn på stigen? Opphavleg er uttrykket ‘forkynn evangeliet, om naudsynt med ord’ sagt å tilhøyre Frans av Assisi. Men i høg grad forkynte han med ord – kvar dag, om vi les Fioretti … vi skjønar meininga likevel, styrken i utsegna, kva som tel: kjærleik er handlingar. Så difor seier vi med R. S. Thomas: Søk sanninga, om ikkje lenger i orda. 

Det R. S. Thomas hadde sett, og som gav kraft til ventinga, var at Guds allmakt ligg i den endelause sjølvutleverande kjærleiken, lysande synleg i krosshendinga, og som vi finn «Når vi er veike» (side 96) og ‘… lèt att augo / mot verda, står ein stad / inne i oss ein busk // i brann.

Vi lurte på om R. S. Thomas elska Gud? I intervjuet vart han beint fram spurt om det, og slik svara han:

– Loving God is too much of a human construct. What there must be is awe.

Follese, 8. oktober 2013

Øyvind Lerø, forleggar Efrem forlag

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s