Møtet med det undergjerande krusifikset

Det undergjerande krusifikset i Røldal

Krusifikset var vakrare enn eg trudde. Alle bileta eg hadde sett tidlegare var tatt frå andre sida. Kristi andlet er i røynda meir fredfullt enn eg frå før kjende til. Ein heil time fekk eg vere aleine i kyrkja; bodskapen blei formidla og eg lytta; eg høyrde i hola der mi lengt bur at det drypa sveitte frå eit andlet.

Pilegrimen, dagen etter akomst, på trappa foran kyrkja

På veg ut spurde eg, men den bunadskledte jenta ved inngongen lot meg ikkje fotografere i kyrkja; det er vel Riksantikvaren som har bestemt dét – og prisen på 55 kronar for å kome inn. Gjennom historia har pilegrimar sluppe sånt, men her er det pilegrimar berre ein gong i året; forrige helg var det stevne med pilegrimar frå aust og sør-vest; Seljord, Hovden, Stavanger.

Jenta lot meg avfotografere krusifikset frå framsida av ei bok. Ho visste nok ikkje at det då er åndsverkslova som forbyr…

Så tok ho eit bilde av meg då eg sto på trappa.

«Trur du ikkje på krusifikset vårt» sa den bunadskledte då eg kom med ein litt akademisk kommentar om krossens historie i ein ellers god samtale vi har fekk då eg stoppa på veg ut og kikka på bøkene ho selde.

Så eg spør vidare: Kvifor er då gammaljonsok blitt «historie»? Kvifor var kyrkja stengd då eg kom fram til kyrkja, på sjølvaste gammaljonsokkvelden; kvifor var ho stengd denne kvelden og natta? Som om katedralen i Santiago de Compostela skulle ha vore stengd den 25. juli, på minnedagen til den som katedralen er namngitt etter, som rommar ei fantastisk pilegrimssoge, der òg Røldal og Nidaros fell inn. Så den bunadskledte i Røldal, er det ingen som trur på krusifikset hennar? Som vil minnast staden og timen?

Kvifor skal ikkje menneske få visa at dei trur på sin eigen historie; ein kunne i alle høve få ære hendingane som har funne stad, på rette kvelden. Kvifor kan ikkje dette landet la landet bak sigarettpapiret som benediktiner-munken tala om, få velgje sjølv om det vil synleggjere seg; krossen vil vel ikkje sveitte bak stengde dører. Særleg om vi vart einige om at det verkeleg var kondens – det er det ein seier i dag – det menneske strauk av krossen, skulle Gud av den grunn la vere å helbrede; og kvifor er ikkje kondens Kristi sveitte? Er ikkje brødet Kristi lekam, og vinen hans blod? Så kvifor skal ikkje kondensen som oppsto i relasjonen mellom krossen og dei truande ikkje kunne vere Kristi sveitte? Fordi sveitte ikkje er innstifta? 
Så kall det Kristi spytt då, og smør det på augene slik Jesus sjølv gjorde med den blinde✠. Bli sjåande! (Slik som dei to som fann Fana- og Røldalskrusifikset blei då dei turka seg i augene – iblanda si eiga svette etter strevet med å få det i båten !! )  Kan det helbrede blinde, kan det vel saktens og helbreda noko anna.

Og om ein ikkje trur at Gud skal ta opp att den sama nåda i Røldal-kyrkja igjen, kan ein vel gje kyrkja sine pilegrimar lov til å minnast det som ho har bore ogframleis skal bere av tru, håp og takksemd etter krusifikset si gjerning!  

Finnst ikkje Gud eller er han i høgda berre tilskodar; dei helbreda seg sjølve, pilegrimane – slik ein kan koma i skade for å tru ho meiner, ho som er sentral i pilegrimsvandringa til Røldalstevnet, i eit fint oppslag i Aftenposten:

Eg vil vente på svar – frå abstraksjonens pilegrimar; frå meg sjølv og lek og lærd, og frå prestar, biskopar, riksantikvarar, statsrådar, makter…

Eg går opp og pakkar og for å vente på bussen heim.  Staven har aldri vært meir nødvendig. Då eg vakna i dag morges grudde eg til eg skulle sette føtene på golvet. Ikkje utan grunn, viste det seg. Eg måtte to gonger ned til kyrkja i morges. Trudde ho opna ein time før ho gjorde. Eg klagar mykje, gjer eg ikkje? Ynskjer sympati eller noko; kampen mellom det gode og det vonde; kor hardt det er å stå i kampen – der eigne laster er som gode, men vassskada moreller når ein fylgjer dei, og som knust glas i føtene om ein verkeleg utfordrar lastrene og maktene… og så er det alt det uforklarlege, Gud lar òg det skje…

1 Pet 4,12 «Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa.» (tidlegare sto det «noko merkverdig») Betre før?

 

 

✠ Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.  2 Disiplane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»  3 Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han. 4 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida.  5 Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.»  6 Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga til litt leire av spyttet og smurde på auga til mannen.  7 Så sa han: «Gå og vask deg i Siloadammen.» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.

* * *

ps:

Det er ikkje alle som med naturleg autoritet kan gjere det eg leste i siste nr av Pilegrimen, rett etter at eg kom heim att: Gå til soknepresten og låne nøkkelen. Det var det Norges «kron-pilegrim» gjorde, då han kom til Røldal (det er han då verkeleg, Eivind Luthen, som forresten blei svært glad då eg melde han om at eg hadde gått ein mogeleg pilegrimsveg fra Bergen til Røldal).

Eg tenkjer: Om soknepresten lot alle som ønskte det låne nøkkelen, ville han vel bli bannlyst av – ikkje biskopen – nei, ein som er rikare i ånda i det stats-geistlege hierarki; til dømes riksantikvaren eller ministaren.

Reklamer

Én tanke på “Møtet med det undergjerande krusifikset”

  1. Flott skrevet! Fikk du virkelig komme inn i kirken på jonsoknatta? Da er det kanskje håp for meg også? Jeg har lest Alfred Hauges trilogi to ganger, og tar gjerne en tredje runde.
    Har hatt en slags drøm om å komme til kirken jonsoksnatt en gang. Ikke av religiøse årsaker først og fremst. Men for å se for meg kirken fullsatt av syke og krøplinger, og prøve å kjenne en slags forbindelse til hvordan det var dengang Cleng Peerson ville helbrede den stumme jenta. Den lange reisen til Røldal var nok like mye en slags botsreise som et forsøk på helbredelse. Bot for at han mente seg skyldig i jentas skjebne.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s