Dag 6: Over Røldalsfjellet på gammaljonsok

Ei tynn stålbru mellom deg og den frådande elva


Postvegen frå Odda til Sandvin er vakker om veret er godt og du tar deg god tid; den er hard om du er trøytt, men likevel går fort; den er spektakulær om du likar å stå på ei tre cm stålrist og sjå tusenvis av liter vatn dundra under føtene.

Eg åpna teltet motvilleg, klokka var berre ti over fem, men eg måtte tidleg avgårde skulle eg komma meg heilt til Røldal på ein dag. På ein normaldag og ein distanse på t.d. 24 km går dei første 8 km som ein leik; dei siste 8 er ein mare og då går tida fortere enn beina, for å seie det sånn.

Eg hadde ikkje allverdas variantar av mat som egna seg til til frukost denne morgonen, men klarte meg. Ingen av dei beste ullsokkane mine var 100% tørre, men dei skulle jo bli sveitte óg, så det kunne gå for det same. Guds største konkurrent om merksemd på pilegrimstur er føtene. Dei får godt stell på pilegrimstur, og som alle dagar smurde eg dei godt inn med salve, «Gehwul footcream», som eg var vel fornøgd med på Spaniaturen. Den skal motverke gnagsår, lukt og er soppdrepande, og er god for så mykje meir at ein mest kan bli skeptisk. Føtene var ellers såpass fine at eg droppa vaselin på hæl og andre utsatte plassar. Mange trur at vaselin vert klissete brukt på denne måte, men det kan eg avsanne. Når ein seinere tar av sokkane er føtene turre og huda mjuk. Teltet var vått av kondens og det trega meg at eg måtte ha 200 g ekstra på ryggen. 100 her og 100 der blir fort kilo. Snart var eg klar til å gå. Klokka var blitt 10 over seks. Eg hadde gløymd å sjekke kvar denne postvegen starta, men det var berre ein mogleg veg frå campingplassen og fram på høgre side av Sandvinvatnet.

Så eg gjekk – Postvegen. Veret var usikkert og no og då kjende eg ein regndrope. Etter ein kilometer var eg litt usikker på om eg var på rett veg og då det kom ein traktor hompande, stoppa eg han. Bak på traktoren sto ei gråhåra eldre dame og smilte. Reint vakker var ho. Det kan ein ikkje seia om sjåføren. Med sneipen i kjeften mellom nedslipte brune tenner i eit skittent og gustent andlet, (her kunne eg bruke mange klisjear om utsjånaden) var denna kvinna (!) noko av det minst estetiske eg hadde sett i Odda, inkludert fabrikkbygningar. Mon tru om ho nokon gong hadde hatt på seg ein kjole? Kan hende var det berre hardt arbeide som hadde «tatt ho». Som ung hadde ho kanskje stråla, men fødd med svak holdbarheit og no hadde noko grodd over henne…

«Dei fleste går no til Sandvin» sa ho då eg spurde etter vegen til Hilldal. «Ok», sa eg, «det er vel dit eg skal». Så fortalte ho meg kvar eg ikke skulle ta til venstre, men følge vegen oppover i høgda. Dei humpa vidare.

Det var godt med skilt skulle det vise seg, men vegen var temmeleg hard. Vel, kva kan ein vente – om desse 6 km var heile dagens etappe var vel ein sti som gjekk opp og ned i terrenget fleire gonger ikkje ille, men eg kjente at den kosta krefter, så eg sakka litt på tempoet. Pilegrimsvandring skal jo vere meditativt, men det er liksom ikkje det som er enklast å formidle i ei slik dagbok.

Stadig senker ein seg jo ned, blikket innover kjem og går, noko som ligg der under heile tida; tankar om fortida og framtida, betraktningar, bøner, kjensler; alle kvifor; kjem mismot baketter vrede; trøst baketter tårer om dei held angeren fram; uro, glede, takk, sinne, sorg; familie, vener, relasjonar, fiendar; kjærleiken sig inn og ein kjenner gleda ved å elska det låge; fridomen med å synge – høgt den same sangen, det eine verset ein kan, om igjen og om igjen; grunne over at det finns ein særleg einskap i Kristus, alle som trur at han er Ordet, sjølve Sanninga; tru at kyrkja, av levande og døde verkeleg er levande – i éin relasjon, ikkje berre med guddommens personar og englane, men at òg dei som kyrkja har fått fred for å erklære heilaggjort lytter til våre bøner, ber med oss, og kan hende også ber for alle som ikkje trur…

Det sto både bilar og bussar parkert ved fossen som evig driv over vegen. Her var det på med ponchoen. Asfalten var våt, svart av skam; føtene kunne trenge ein god kvil. Fire og ein halv time, berre med eit stopp like etter Hildal.

Låtefoss, ein turistattraksjon

Eg planla å ta eit kort stopp rett etter fossen; kvile – ete?, men eg hadde ikkje noko særleg, butikk på Skare, men kor langt var det igjen? Ah, kiosk med kaffi og is. Det passa bra 7,5 km etter Postvegen. Først ein Cola til meg sjølv og ein til sekken.

Etter ein knapp km stoppa eg 20 minutt. Då eg på ny tok fatt på vegen dukka Skare opp etter vel ein km. Nei og nei, den siste stoppen var jo heilt unødvendig. I butikken på Skare fekk eg lyst på tunfisk blant anna, men det som var i boksen blei knapt halvt oppete då eg seinare inntok lunsjen eit stykke opp på gamlevegen mot Seljedal. Den vart for tørr å få ned sjølv med drikke. Eg burde ha skjøna det, men likevel merkeleg dette her, at mat i blant skulle vere så vanskeleg å få ned. Eg hugsar kjensla av å bruke altfor lang tid på å handle. Det tok 15 minutt, lenge nok, ja, på dei få tinga. Eg hadde byrja å bli litt stressa, sjølv om eg då hadde byrja å forstå at å kome fram til Røldal før kyrkja stengde kl fem, nok under alle høve ville være urealistisk. Seinare skulle eg forstå at å i det heile tatt komme fram var det rette spørsmålet.

Eg gjekk ein halvtime til før eg fann ein stad der det var nokonlunde bra å sitje. To km, men med ein høgdeforskjell på 150 m var ikkje 4 km pr time i snittfart så ille, eller – det var jo farta eg bruka å ha når eg rekna inn pausane. Denne pausen blei i eit stort, tomt «sagbruk» (med berre tre veggar); eit ok lunsjrom. I butikken på Skare hadde eg ikkje klart å motstå duften av pizzasnurrar. Skuffa måtte eg konstatere at eg ikkje greide ete dei heller. Mat må svelgjast… Eg hadde forresten kjøpt to! Eg begynte å ane at eg hadde førebudd denne siste dagen for dårleg. Det skulle liksom berre gåast langs vegen. Men kor høgt skulle eg? Kor høgt var det over Røldalsfjellet? Klokka var blitt akkurat 12 då eg satte meg ned for å ete. 17,5 km var lagt bak meg. Kvart på eitt starta eg på dei vonde mila.

Klokka to nådde eg Seljestad. 22, 5 km låg bak meg, eg var halvvegs. Hit, (bortsett frå dei siste 2,5 km på nye E134) hadde vegen, gamlevegen opp frå Skare, hatt sin sjarme. Asfalt så klart, det var jo eingong Europavei 134, men det var no så lenge sida at lauv, gras og mose hadde byrja å få tak ytterst ute på kantane, så her og der gav det nokre mjuke steg. Det lova godt for framtidige pilegrimsgenerasjonar 🙂

Naturen var jo også fascinerande, elva gjekk i stryk mange plassar, men det var og plassar der ho stilt og mjukt klukka seg forbi. Eg skulle hatt betre tid og betre ver.

No hadde eg nådd hovudvegen, E134, og det kom kald trekk ned frå fjellet. Å sjå vegen kilometervis fram var ein mental knyttneve. På Seljestad hytteutleige var det toalett, heilt klårt av den lite påkosta typen, eg vonar ingen av overnattingsgjestane måtte ned her om dei blei trengande. Eg kjøpte meg eg ein – ok, eg kan kalle han kaffi – som var så dårleg at eg fikk lyst til å gjere som disiplane når dei enno var utemma, og spørja Mesteren om vi skulle la ild slå ned frå himmelen og utsletta dei, men eg lot det vere. Lot det bli med tanken, men heller ikkje det er vel så lurt når det gjelder den åndelege verda. Eg vonar dei ikkje vert råka av skred i vinter. Nja, så bratt er det nå ikkje akkurat der; hm, det ville jo berre gjere hendinga meir skremande – og meg meir stille… Etter 20 minutt tok eg laust på nytt.

«HALLO, eg kan ta deg gjennom tunnelen, om du vil. Hopp på bakpå.» Ein blid kar på ein brummande firehjuling ropa til meg frå andre sida av vegen. Han hadde berre stoppa der, midt i kjørefila. «Nei, eg går», ropa eg så høgt eg kunne og smilte, «men takk!»

«Er du sikker? Eg har sjøl gått over, på ski», fortsatte han, «kom igjen, sett deg bakpå.» Bakfrå nærma bilar seg faretruande og ein trailer kom dundrande i motsatt retning, det var 80-sone… «Du får ein tøff tur då», trur eg han sa, før han pressa motoren på full akselerasjon. «Ok» ropa eg etter han.

Det er mange menneske som vil hjelpe, men det er også mange som ikkje likar å få tilbodet avslått, eller ikkje spør kva ein eigentleg ynskjer hjelp til. Så mannen hadde gått på ski – som om det skulle få meg til å gje etter for fristelsen og slenge meg bakpå kjøretyet hans. Han ville nok vise at han var ein fjellmann. Ja, han såg ikkje ut som nokon pusling, akkurat. Sikkert ein ok kar.

Trafikken der nede var heilt hysterisk og då eg på nytt kom inn på ein strekning frå gamlevegen, denne gong opp Seljestadjuvet, prisa eg tysnaden. Og eg liker motbakkar, desse svinga seg oppover og gav meg nokre spektakuære syn.

På to timar og femten minutt har eg no lagt bak meg dei 10 km frå horror-kaffien på Seljestad til det høgste punktet på vegen over fjellet. Det er fire km i timen – greitt, men no er eg bekymra for beina. Eg verker intenst i hælane. Eg tar av meg ponchoen som eg har gått med dei siste kilometra. Det har ikkje regna mykje. Så finn eg meg ein plass å kvile i le for vinden. Tar av meg støvlane. Eg har nokre tjukke, grøne silikonhælar i sekken. Kanskje dei kan lindre, no når eg skal nedover. På med regnklede, det blåser kaldt og eg godtek heller litt kondens som betaling for varme. 12 km til målet. Høyres det mykje ut, lite ut? Alt er relativt. Eg reiser meg og tar fatt på lidinga og prøver å erindra innhaldet i forordet i Mette Nygaards  bok (1996) «Og vegjine falle så vide. Om gamle og nye pilegrimsmål»

Min famlende søken etter Gud pendler mellom to ytterpunkter som best illustreres med to historier: en episode i en roman av Sommerset Maugham og en fortelling av Rabindranath Tagore:

I Maughams roman Knivseggen er Larry  på leting etter Gud. Et sted møter han en benediktinermunk som forteller ham: «Vår vise gamle Kirke har oppdaget at hvis du handler som om du tror, vil troen bli gitt deg; hvis du ber med tvil, men med oppriktighet, vil tvilen forsvinne; hvis du overgir deg til liturgiens skjønnhet, hvis makt over menneskesinnet har vist seg gjennom århundrers erfaring, vil du finne fred … Den avstanden som skiller deg fra troen er ikke tykkere enn et sigarettpapir»

Og Tagore:

Jeg lette etter Gud i tusenvis av liv. Jeg så ham … stundom langt borte … Jeg løp etter, men … innen jeg kom frem hadde han dratt videre. Jeg fortsatte og fortsatte. Endelig kom jeg til en dør med et skilt hvor det sto: «Her bor Gud». … Da ble jeg virkelig bekymret. Jeg gikk skjelvende opp trappen. Jeg skulle til å banke på, men så så jeg plutselig for meg: Hvis jeg banker på døren og Gud lukker opp, hva så? Da er det slutt på alt – på reisene mine, på valfartene, alle eventyrene mine, filosofien, diktene, alle hjertets lengsler – alt er forbi! Det ville være selvmord!

… Jeg tok av meg skoene så jeg ikke skulle bråke da jeg gikk ned trappen igjen … Da jeg var kommet ned, begynte jeg å løpe. Og siden har jeg ikke sett meg tilbake. Siden har jeg løpt i tusen år.

Jeg leter etter Gud fremdeles, men nå vet jeg hvor han bor. Så alt jeg behøver å gjøre er å passe på å holde meg unna akkurat der, så kan jeg fortsette å lete overalt ellers. men jeg må unngå det huset … det huset forfølger meg. Jeg husker det helt tydelig. Om jeg tilfeldigvis skulle komme inn i det huset av vanvare, da er alt slutt.

*

Den gangen  jeg gikk i kloster, rett etter embetseksamen, trodde jeg at de to historiene var blitt én: tvilen hadde falt bort, jeg hadde revet i stykker sigarettpapiret; jeg hadde banket på Guds dør og var blitt sluppet inn, men … da jeg tumlet ut av klosterets port syv år senere, åndelig sett med blod på nesen og skrubbsår på knærne, var det som om de to historiene hadde falt fra hverandre igjen.

Hvis en snubler og faller, er det en ubalanse et sted. Som i søvne fant jeg fort ut hva jeg selv trengte: det var krig, men ikke en hvilken som helst krig. Jeg samlet meg om to, i Spania og i Russland. Dem fant jeg i Den spanske borgerkrigen av Hugh Thomas og De 900 dagene: beleiringen av Leningrad av Harrison E. Salisbury.

Den spanske borgerkrigen var som skapt for mitt formål, hva det nå enn måtte være. Jeg hadde nettopp bodd i Spania i to år, hvor borgerkrigen ennå levde fresk i manns minne, 25 år etter at den var slutt. Jeg syntes jeg kjente litt til sårene på begge sider fra mine venner der. Men for meg var det enda viktigere at dn spanske borgerkrigen var min krig helt fra barndommen av – etter en guttebok jeg hadde lest, som handlet om tre kjekke norske gutters ferd på sykkelen gjennom det krigsherjede landet. Etter syv sjelelig sett rimelig fredelige år i kloster, men som endte brått og uventet hadde jeg et uutslukkelig behov for å begrave meg i historien om den spanske borgerkrigen: dens blodutgytelser, feltbulletiner, lynangrep, feilvurderinger, misforståelser, nederlag og dyrekjøpte seire; kort sagt, polarisering, anarki og langsom reorganisering. Boken tok lang tid å komme igjennom, for jeg leste langsomt for å få med meg alle detaljene.

Etter Den spanske borgerkrigen fulgte De 900 dagene, en murstein av en krigshistorie som nærmest i dagbokform følger oppkjøringen til den tyskrussiske delen av annen verdenskrig og den nesten tre år lange beleiringen av Peter den Stores berømte «Vindu mot Vesten»  – Leningrad. Tyskernes svik mot sine russiske allierte, de evige bombardementene, sivilbefolkningens lidelser, med dødsfall i hopetall av kulde og hungersnød i tillegg til krigshandlingene, forsyningslinjene som ble brutt gang på gang helt til byen ble reddet av vinterkulda og veien over isen på Ladoga – av en eller annen grunn fascinerte det meg mer enn noe annet. Jeg leste denne boken med samme fanatiske oppmerksomhet og konsentrasjon som den forrige. Etter denne hestekuren hadde jeg på sett og vis fått opprettet en ny og bedre indre likevekt, og kunne begynne å se meg om i livet igjen, men det skulle gå lang tid før jeg begynte å lete etter Gud på ny.

Om det ikke akkurat kostet med troen å mislykkes i kloster, forandret det likvel mitt forhold til Gud i retning av mer skepsis, for ikke å si dyp mistro til hva Han kunne finne på neste gang, om det ble noen. Utifra Tagores fortelling var jeg nå på rask flukt nedover trappene med skoene i hånden for ikke å lage bråk og risikere å få Gud etter meg. I steden begynte jeg i psykoanalyse – prinsipielt i embets medfør; jeg var blitt psykiater. Utifra Skriftens ord om at «Gudsriket er innen i Eder» var det ingen grunn til at Gud ikke skulle komme til syne i en terapi like gjerne som i kloster, men i mitt tilfelle lot Han seg – dessverre eller heldigvis – ikke lokket ut på glattisen så lettvint. (Om dette fremstår som en antropomorf og primitiv omtale av Gud, iler jeg i dekning bak blant andre Job: «Hvorfor gjør du meg til skyteskive for deg?» (7,20) og Kong David: «Herren … drar mine føtter ut av garnet» (Salme 25.15)) Etter vellykket å ha unngått å finne både Gud og meg selv etter mange år i analyse, var tiden kommet til å gjøre noe nytt. Så jeg dro på pilegrimsferd…

Svingane nedover i Røldalen var som venta tortur. I nedoverbakke blir trykket størst på helane. Det er jo dei som piner meg. I ein time og 45 minutt og no 570 meter lavere passerer eg et skilt som seier 5 km att! For første gong har eg fått et glimt av Røldalsbygda i nordenden av Røldalsvatnet innst i dalen. For første gong er eg overbevist om at eg vil klare å kome fram, men eg blir meir og meir usikker på i kva forfatning. Eg burde vel vere glad?

På vei opp mot Seljestad, då eg etterkvart forstod eg ikkje ville klare å nå Røldal-kyrkja i opningstida, slo tanken meg at eg kunne ringja kyrkekontoret og høyre om det lot seg gjere å få opna kyrkja på kveldstid. Men kva om eg ikkje kom fram til ei fornuftig tid? Eg gjorde meg fleire tankar: Eg kan spørje om å få vere der i natt, og be og vere våken – vake som det heiter – i alle fall rundt midnatt; nei, det gjer dei vel meg ikkje lov til; men om det er 150 år sidan nokon har gått heile denne vegen, så betyr då vel det noko?; kan hende har dei et arrangement; kva om eg ikkje når fram i kveld i det heile tatt?; nei, eg ynskjer ikkje oppstuss; lokalavisa; kvifor ringde eg ikje Vårt Land eller Bergens Tidende; nei, dette vert for komplisert – eg berre går. [Ei vekes tid etter at eg kom heim, leste eg i Eivind Luthens artikkel om sin vandring til Røldal. Han hadde berre gått til soknepresten og lånt nykkjelen. Nokon gjere ting så enkelt. Etter mi eiga vandring fekk eg også vite at soknepresten var ein ihuga pilegrimsentusiast. Kva er det med meg? Eg gjer store ting, men misser på det enklaste.]

Eg rettar meg opp, forsøker å sjå lett ut, og går inn på ein hotellkafé, bestiller kaffi og avansert is: kjeks og tre kuler; eg lar jenta velge, ho trur eg velger, men i realiteten er det ho; det er lett å sjå at ho blir nøgd, men utan å oppfatte kvifor – ho trur det er fordi eg blir nøgd og at ho hjelper meg, men det er nok fordi ho utan å vete det får viljen sin og eg «velg» dei ho meiner smakar best utan at ho seier det rett ut; ho pratar i veg om korleis dei smakar og stopper skjea over ei bøtte og ventar – og eg seier «ok». Kvifor er eg så urettferdig i tankane?

Eg tenkjer i korte boger no. Det er ikkje mykje eg har spist i dag, når eg tenkjer etter. Knapt noko. Eg kan ikkje ta sjansen på å bestille skikkeleg mat, kan hende får eg det ikkje ned, dessutan har eg dårleg tid om eg skal rekke opne campingplassar med von om å få meg eit rom eller hytte. Tanken på telt freistar ikkje i det heile tatt. Denne isen burde piffe meg nok opp til at eg kjem meg til Røldal. Klokka er fem over sju, eg må gå. 20 minutt pause er nok. Fem kilometer kan ta sin tid på desse føtene.

Dei første stega etter kvar stopp har dei siste timane mer og mer vore som å stige på glasbrot, men etter 100 m er det igjen berre vondt, ikkje uuthaldeleg. Så det er best å ikkje stoppe nokon stad, berre gå og gå; og eg klarar å halde farta oppe, eg passerar ein time; eg ser krysset der vegen tar ned i bygda, berre nokon hundre meter att…

Å Gud, ho er vakker – kyrkja, i dette vakre skinet som kveldsljoset gjev. Og så lita! No, endeleg er eg her. Heile kroppen min gret, men ikkje utanpå. Ein ung mann står i grusgongen og fotograferar med stativ, så eg står og ventar og berre ser. Tar eit bilete. Eg går til kyrkjetrappa og bøyer kne. Kvifor vil eg ikkje vere ei dåre; hadde det ikkje vore for alle turistane som svirrar rundt hadde et grett høgt og lenge. Orsakene er for mange til å bli nemde. Eg kjenner tru for at mi vandring verkeleg gjer ein forskjell; alt gjer ein forskjell, alle bøner som blir bedt.

Om eg skulle komme meg inn i kyrkja i kveld, ville det gjere noko forskjell, ville det drype frå krusifikset? Om eg hadde grett høglydt på kykrjetrappa, hadde Han då leia meg inn?

Om noko så hendte, skulle det likevel vere ein løyndom? Ville eg ha vore audmjuk nok til leve med ei slik hending? Svaret er kanskje nei, kva veit eg. Men eg ynskjer jo nokons helbred. Vil ikkje Gud vekke opp at valfarten hit – er det no berre Medjugorje, Lourdes og andre nyare stader Guds helbredande ande kviler over? Sjølvsagt helbreder ikkje Gud som ein direkte orsak av at eg går hit. Jau, han kunne sjølvsagt, om han ville dét; satt noko nytt i gong… Han har kan hende gjort det, før eg kom hit, noko er på gong! Kan hende skulle eg ikkje ha gått aleine. Men kven andre ville? Ein av dei eg snakka med var positiv (sa han i alle fall), men sa òg: «4-5 mil kvar dag er ikkje noko problem!». Det skremde meg; for meg er det eit problem… og det var ikkje planlagd slik.

Eg går rundt kyrkja og sett meg framfor ho og ser og ser. Soga om korleis krossen vart funnen og brakt hit – krossen til pilegrimskyrkja i Fana har jo ein helt parallell soge, så – om dei skulle være eit stykkje frå sanninga om korleis det eigentleg hende, kva betyder vel det? Her har mange menneske komme med von om eit anna liv, ei anna verd, mon tru kor mange som verkjeleg vart helbreda. Mange, trur eg. Det kunne det skje igjen. Gud kan improvisere, metta då 5000 med nokre brød og fiskar.

Stavkyrkja i Røldal er ei lita, vakker kykrje

Sjølv om eg endeleg er her – etter 205 km på seks dagar – er det som om eg etter 20 minutt i graset framfor kyrkja ikkje har tålmod meir. (Kva er det med desse 20 minutta, og kva er det med meg?) Eg treng eit rom; eg har så vonde føter og klarar knapt å reise meg. Det er fleire moglegheiter, og etter eit par bomturar får eg lukkeleg nøkkelen til det siste rommet som er ledig på «Skysstasjonen», – ikkje på sjølve etablissementet, men i ei hytte lengre opp mot hovudvegen. Eg finn hytta, må snakke lenge med eit svensk ektepar utanfor, smiler, men lengter inn i hytta. Der får eg av meg støvlane. Tar med meg alt eg vil vaske inn i dusjen. Eg klarar ikkje stå på bare føter, så eg dusjar på kne. Lenge. Skysstasjonen har open til klokka 22, men serverer ikkje lenger varm mat på kvelden. Eg orker ikkje gå ned dit igjen; eg har att to «rett i koppen»-supper som eg koker på primusen; et; finn fram soveposen, men sovner før eg får opna han.

* * *

Å leve i håpet kan vere svært godt; under vandringa kjente eg håpet nærmast fysisk fleire gonger. Det greip om meg og lyfte meg. Å kome til målet medfører alltid risiko. Eg kan ikkje seie eg høyrde noko frå Gud i Røldal. Kva kan eg då sjå innover i meg sjølv?

«Gud, kvifor var du der ikkje?»

«Eg var der; du kom ikkje inn»

«Ja, men døra var låst, kvifor opna du ikkje!»

«Du meinte det var best at eg lot vere å syne meg»

Her brygger det opp til ei bryting, og iblant kan det vere frustrerande at Gud aldri tar igjen, men er så hemningslaust lite villeg til krig…

« høyr Gud, eg … du … »

«     »

(…)

«Eg forstår deg ikkje…»

«Ja, eg veit»

Tapte eg på målstreken? Snubla som alltid rett før mål og krabba på alle fire inn i målområdet; eg låg an til å bli premiert, men nådde ikkje opp til målsnora – og som då enno ikkje er broten. «Som alltid?» Eg tenkjer på «bokladen», med ikonar og bøker som mange menneske kom innom «berre for å vere her litt», men som utarma lommane mine; Efrem forlag som med sine mange strålande bokmeldingar har vært å rekne med og gje «håp for dei kristne forlaga», men som no veskar og blør, av orsaker eg ikkje nemner.

Gud bestemmer!? Han kunne opna kyrkja for meg; gjett meg kraft til å halde ut og vake? Han kunne og ha latt meg omkomme i  snøskrenten eller i elva for to dagar sidan? Eller alt er berre eit resultat av mine indre krefter, val – ytre slump og kaos. Kunne Han endra noko, eller har Han enno ingen blankofullmakt signert mi vilje? Er det nokon som forstår seg på Han? Er det nokon som forstår seg på meg?

*  *  *

Kva trur eg verkeleg – om vegen – når tida går, blomane visnar bort, mosen turkar bort og asfalten er vond å gå på. Eg tenkjer meg med rette om to gonger, for det eg gjerne skulle sagt: «Det fråveret eg brått står i, det er eit pust av det fråvær Kristus måtte erfare», det er ikkje sanninga. Eg har vike unna ting i livet som kunne leda meg djupare inn i denne foreininga – med Kristi liding – sjølv om eg ikkje har fullt

innsyn i kva konkret det var og er; og no har eg kanskje ville skapa han sjølv ved å søke lidinga i pilegrimsleia? Eit strok av hovmod, men kanskje også noko som førebur meg – til Gud ser eg vilogså innst inne. Eg er ikkje der enno… Kom eg nærmare denne gongen?

Lida, kvifor då? seier du kanskje. Eg veit ikkje, heilt, men dog…

Ein kan vere viljesterk, men med begjær som strekkjer seg i ulike retningar; hjarte står i fare for å rakne; og samlar ein seg om eit sprang i feil retning, då – Gud bede – kom viljeslause!, fornuft og forsvar! – kom med di nåde, Herre … så vi ikkje fell – til store høgder.

Så om folk spør meg kvifor eg ville gå akkurat til Røldal, svarar eg:
1) Eg likar å gå
2) Eg flyktar frå meg sjølv og frå deg, livets og min eigen kompleksitet (Om eg også      flyktar frå Gud?)
3) Truleg. Eg lengtar etter reining

Salomos ordtøke 16,2-3

Ein mann kan synast at hans ferd er rein,
men Herren prøver menneskeånda.
Lat Herren ta seg av alt ditt verk,
så skal planane dine lukkast.

– At Herren skal ta seg av alt mitt verk; gjere Guds vilje? Eg lyttar gjerne om nokon veit korleis det foregår, kva det betyr, sånn rein praktisk. Eg elskar «Guds vilje», men hatar når det framsettes som noko eintydig, enkelt, avslørt.

Det beste eg har fått med meg om slikt er nonna som sa – om eg hugsar rett: «Det gjelder å leve på djupet, og så handle pragmatisk i livet, i dei enkelte tinga.»

«Å leve på djupet» må vere meditasjonen, bøna, stilla – liturgien, sakramenta. Det er ikkje like lett å prioritere jevnt, med kvalitet.

«Handle pragmatisk»: I alle ting, frå nyting av dei gode ting i einsemd til takksemd og miskunn mot den Andre, den fattige, den som lir. Gå til kyrkje utan å tenkje så mykje over om ein har lyst eller ei. Og kva anna kan eg gjere, enn å gå til Røldal, når dette i lengre tid har kviskra til meg; om det er mine eigne ambisjonar eller det å bere fram bøna for sjuke; om det er å finne Gud eller eg har eit ønske om at det åndelige i tilvera skal få større betydning for fleire – eg veit ikkje – truleg ein miks av alt! Å bere fram bøna for sjuke kjente eg var det som bar meg. Og då er eg for ein gong skuld heilt ærleg…

– Om det var Guds vilje? Aner ikkje! Forstår ikkje spørsmålet;

men eg veit at ei pilegrimsvandring både er å leve på djupet og å handle pragmatisk, begge delar på ein gong. 

*  *  *

På seks dagar gjekk eg 205 km og denne siste dagen, der eg ikkje hadde heilt klar for meg kor lang etappa var, trudde eg at eg hadde gått 49 km, det viste gps’en morgonen etter. Men når eg no, nokre veker seinare, ser på gps-sporet er 4-5 av desse km etter at eg kom til kyrkja. Ein km er vandringa frå kyrkja og på leiting etter rom – greit, men så, i dei neste sju timane, då eg ettar kvart sov, har eg ei sporfloke her på 3,7 km. Mellom ytterpunkta i floka er det 143 meter!

Er det  englar og demonar som har kjempa om retten til å la mi trushistorie bli lagt fram for deira Mester, eller er det ånda mi som på eigehand og med gps prøver å finne ein utveg frå noko? Det ser merkeleg ut, men nokon har alltid ein god natur(vitenskape)leg forklaring. Satelittar med ulikt signal… eller noko?

Den grå «floka» er gps sporet rundt hytta frå kl 20.38 til batteriet har flata ut kl 05.20.
3,7 km | 0,5 km i timen | 47 m stigning | 35 meter fall | Mellom sporet (floka) sine ytterpunkter er det 143 meter. Eg sov, ver viss på det.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s