Dag 5: Mot Odda

Totalt så langt ca 141 km | Gjenverande distanse til Røldal: 69 km.
Etappe i dag: Bleie – Odda camping, ca 25 km.
Eg har fleire ting å takke Arnhild for, som til dømes tipset om at eg skulle ta av frå vegen etter Måge gardsbutikk og vandre Ordtakstigen. Vandringa denne dagen vart ellers ein tortur på asfalt, og 1,8 km på sti rein balsam for føtene.

Ordtakstien. Høgst nasjonalromatisk!

Eg hadde håpa på å finne noko av det samme lengre inn i fjorden, til dømes ei mil før Odda ville vere perfekt. Eg fann ikkje det. Ordtakstigen, derimot, er en velrydda sti med – utan at eg talde – ein 10-12 skilt med ordtak av Ivar Aasen, mannen som er kjent for å samle det nynorske språket, språket som eg av ein eller annan orsak, eller av fleire orsakar – alt etter korleis ein ser det – har valgt å skrive denne vandre-dagboka i. Stor takk til den lokale kulturgruppa som hadde skipa denne stien i stand. Den kom for tidleg på dagen, då kreftene var der, og det er ikkje då lett å gå sakte og nyta det som møter ein. Eit par stader var det reine nasjonalromatikken per se. Berre sjå bilete til vesntre! Det er frå min gps. Ja, ein gps med kamera, om du skulle undre deg over det. Garmin Oregon 550. Ikkje heilt billeg, men her skal det skipast pilegrimsveg frå Bergen til Røldal.

Måge gardsbutikk må og nemnast.

 (Den er også open på sundagar, så er òg det nemd). Den ligg ved vegen og eg fekk sitte utanfor heilt for meg sjølv. Eg reknar med du kan råka på ein turistbuss om du har uflaks. Der seljer dei, utanom kaffi, is og vaflar o.l., pølser, ost og andre gardsprodukt av høg kvalitet (vil eg tru).   Det var mor og dotter som sto for tenesta denne dagen. Sjølv om dette var mindre enn ein time etter at eg forlet Bleie, blei det kaffi og is (som vanleg – og eg kjøpte og ein pølsesnabb for å ta med. Det viste seg seinare å ikkje vere slikt magen hylte etter, så tre og ei halv av fire vart med heilt heim, så er òg det nemd). Medna eg satt der kom Arnhild køyrande med refleksvesten!?
det er meir å seie om bleie, om Arnhild og og området eg kom til kvelden før. Eg har nemd at eg overnatta i den eldste stova i bygda, og eg sov som ein konge på veg til Miklagard. I sjølve stova er det ei seng, ein kjøkkenkrok, eit spisebord med stolar og ein sofa. Men stova har også eit loft med 4-5 soveplassar, og med ein pris på kr 500 for ei natt (totalt) er dette perfekt for ei gruppe pilegrimar.

Foran den eldste stova på Bleie, med ein stor kopp mjølk!
Hardanger er som alle veit  ein einaste stor frukthage. Arnhild hadde moreller og eg kunne berre forsyne meg. No sa ho rett nok at dei var vass-skada. Det hadde vore for mykje regn på feil tid dette året. Ho advara derfor mot laus mage om eg åt for mange eller åt bær som ikkje burde etast (og då meinte ho blant dei utan fugleskit). Ho sprøyta ikkje og her var intet nett over trea. Eg fylde ein liten pose. Dei var friske og søte. Arnhild ville også at eg tok med meg ein refleksvest for å ta på når eg gjekk gjennom Eitrheimstunellen. Eg sa eg hadde ei hovudlykt, men ho meinte det ikkje var bra nok. Men eg måtta få den ho hadde i bilen, så ho ville komme etter då ho skulle til Odda seinare.

Ho lurte òg på om eg ikkje drakk melk. Eg måtte innrømme at det var noko av det eg savna mest når eg gjekk pilegrimsferd. Ho henta melk i ein stor, grøn kopp. Det smakte herleg.

Turen gjennom Eikrheimtunnelen var verre enn eg trudde. Det var knapt med lys og knapt med plass utanfor den kvite stripa. Eg måtte stige opp på ein kant om det kom kjørety frå begge sider. Og det gjorde det tett. Bilar med og utan campingvogner, bobilar, bussar og trailarar dundra forbi og eg trur det beste var slik eg gjorde; på toppen av staven festa eg refleksvesten slik at det blei danna ei sjølvlysande pyramide som bevega seg opp og ned etter som staven gjorde det; godt ut i vegen. Eg var glad då den tok slutt. Etter gps’en å døme var tunnelen 1,6 km og eg var i kvalens buk i 20 minuttar og eitt sekund. Eg takkar Gud for Arnhild (og hugsar at også Ann Heidi meinte er burde ha med ein refleksvest – kvinneleg intuisjon må det vere). Det mest positive ein kan seie om vegen etter Ordtakstien er at ein kan mette seg på den storslåtte naturen, med fossar og fjell som ein kan studere i rikt monn når ein går og ikkje rasar avgårde i 84 km i timen.

Mitt første møte med Odda var befriande: Då eg nærma meg byen hadde eg kjent, sjølv om eg ikkje hadde ete meir enn vel halvparten av morellane – kanskje 15 eller i høgda så mange som 20 stk? – at her ville eg snart trenge eit toalett. No var eg  i tettbygd område, så ei natur…leg løysing på problemet gjekk ikkje. Alle har nok erfart at det å gå hjelper har ein tendens til å i blant å framsynde vegen ut for lufta som vi slepp ut lengre ned og lengst bak. Slik er det nok ikkje berre med luft. Eg måtte stoppe stadig oftare, kun ein augenblink og like før eg kjende panikken snart ville gripe meg, til slutt så ofte som kvar femtiande meter. Endelig kom eg fram til eit butikksenter heilt i fjordenden av sentrum. Eg hadde planar om å overtala nokon på daglegvarebutikken om at eg måtte få låne personaltoalettet, men til all hell var det toalett ved biblioteket i andre etasje. Redda i tolvte time, sjølv om eg hadde blitt åtvara…

Utanfor senteret fann eg bord og benk. Rett over sjøen låg Odda kyrkje, men eg bestemte med for at eg ikkje skulle dit. Truleg var ho uansett stengd – tja – det var jo sommar, turistar… nei. Eg kjente at beina ikkje tålte all verda etter asfalt, asfalt, asfalt… Klokka var blitt fem; sjølv om eg hadde planar om å gå ei mil til denne dagen, og det kunne lett ta tre timar på desse beina, måtte eg ta meg tid til å kvile ei god stund.

Mens eg åt dreiv eg å kasta noko brødsmular til fuglane som var der. Mest måsar og nokre vågale kråker. Det var tilfeldig kva fugl som maten landa gunstig for. Sjølv om eg prøvde å styra dette, vart det eit salig kaos. Eller ikkje salig. Der er vel nettopp det som kjenneteiknar Kristus; ha kom som kosmos, Guds rike, så får vi heller leve med at Gud har gitt seg sjølv rett til å vere uforutsigbar (truleg for å bevare eit aspekt ved vår frie vilje) òg innanfor sitt rike. Og eg seier ikkje at alt i kaos er av de vonde, i alle fall kan Bibelen kalla dette «ein Herrens engel», men det verkar urettferdig og råkar til på slump, sett frå menneska si tilvere (i alle fall), og det er ikkje i Kristus – kosmos:

Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem.  2 Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar.  3 Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. [Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle,  4 for ein Herrens engel steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.]

5 No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.  6 Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»  7 «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»  8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»  9 Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.

Etter mat og kvil ringte eg til Hilldal camping og for å høre om dei selde noko matvarer eller varm mat der. Dei kunne fortelle at campingen enno ikkje var opna; noko med vatnet. Oi, då måtte eg bli i Odda denne natta og morgondagens etappe ville bli svært lang. Ein stad mellom fire og fem mil! Eg blei verande her helt til kl halv sju, eg skulle jo berre opp på Odda camping, ved enden av Sandvinvatnet to km opp frå sentrum. På vegen tok eg bilete til venstre og posta på Facebook. Odda er eit stort paradoks. Ein storslått natur omkrinsar noko av det mest heslige menneske har oppført, reint estetisk, noko er så stygt at det nær blir kunst…

På Odda camping hadde dei eit ledig rom til kr 290. Eg tok det. Men då eg skulle bort og betale høyrde eg tre menn beklage at det rommet dei var blitt lova ledig ikkje var det. Dei hadde ringt inn bestilling og snakka med eigaren. Ho i resepsjonen, ei fyrrige jente frå Polen eller noko slikt, som snakka godt norsk i tillegg til andre språk, sa at ho ikkje kunne gjere noko. Alle rom var utleid. Eg forstod eg hadde fått rommet dei hadde blitt lova. Eg hadde telt og sa ifrå om at eg gjekk og henta nykkjelen. Eg er jo ein pilegrim, må vete. Rett skal vere rett.

Det er alt seine kvelden då teltet er satt opp og eg har fått dusja. Eg koker suppa på det felles kjøkkenet ved servicehusa og har tenkt å ete ved borda der, men så har eg ikkje skei. Sist eg åt sjøllaga suppe drakk eg suppa rett frå panna. Då var det rett nok «rett i koppen» – no har eg kjøpt noko som er meir substansielt, ei ferdig suppe med mykje innhald – og mindre eigna til å drikke. Og eg veit eg ikkje vil kjenner meg vel med ete på det viset blant dei andre som sitter  der og et. Eg tuslar tilbake til teltet med suppe, oliven og tomatar og ein øl og ein liten ost. Eg er optimist og har kjøpt det eg likar best. Kanskje ikkje kva proteinfreaks kjøper, men alle ting monnar; ei floge ser skrekkslagen på meg – men så smiler ho, forstår at eg berre diktar.

Til maten får eg til og med ned eit stykke til av det energirike brødet frå Arnhild, eg har jo suppe å dyppe i… Brått kjem det nokon og seier hei. Like ved står ein bubil, og i den fartar ei eg kjenner frå Retreat Bergen (RB) rundt i distriktet saman med mannen sin. Ei tid var eg mykje med i dette retreatarbeidet.  Seinere vart det mindre, men før det laga eg endå logoen deira og noko informasjonsmateriell. Rett før eg konverterte til Den katolske kyrkja kjekk eg til andeleg vegleding der.

Men eg trur ikkje min vegledar forsto kor djupt noko hadde råka meg. Han vart overraska då eg seinare møtte han. Han hadde ein gong spurt om eg kanskje hadde tenkt å skipe til ein ny menigheit eller noko; kor feil kan ein ta! Min bevegelse var heilt motsatt; eg ville vende heim – til den store fellesskapen. Ikkje berre difor – etter kvart vart det mindre aktuelt å fylgje programmet til RB; det er ikkje lett å gjere alt ein gjerne skulle; familien krev sitt, blant anna. Den gong var borna mellom 8 og 13 år, og det legg beslag på både det eine og det andre i ein heim. I 2008, då fyrste boka skulle ut på Efrem forlag, hadde forlaget og RB eit framifrå samarbeid om seminar med forfattaren Per Mases, som då var sjølve retreatnestoren i Sverige, og vi fylde auditoriet, og forlaget selde godt med bøker. Alle var nøgd, deltakarane og. Ei tid før utgjevinga hadde eg forstått at logoen hadde mista sin støtte i RB-leiinga. «Den er for rovfuglaktig» Ja, duva har jo både fart og eld i vengjene. Eg vart begeistra, tenkte ho var perfekt for forlaget. Eg hadde allerede tatt med meg min eigen ånd derifrå, eg hadde endå til konvertert; no vart det stadfesta ved at eg tok med rovfugl-ånd-logoen eg hadde laga. På retrettgården Per Mases var leiar, da dei hadde 40-års jubilum, feira Den katolske kyrkja i Sverige ope nattverdbord der, noko som slett ikkje er berre å gjere, sett frå katolsk hald. Det skjer nok sjeldnare enn eg sjølv skulle ynskje; eg har på eige hand foreslått det same for den norske katolske biskopen ved ei anledning, utan resultat. Per Mases vart diverre sjuk og gjekk bort i 2010. Han vart katolikk på dødsleiet; han hadde gjort sitt og kunne vende heim.

Sidsel syntes det er storarta at eg er ute på pilegrimsferd og forteller at dei snart skal ha ein pilegrimskveld på Søsterhjemmet på Haraldsplass der Retreat Bergen har samlingane sine. Sidsel er med i pilegrimsgruppa, og dei har hatt reiser til Iona og Lindisfarne o.l. Om dei har vandra veit eg ikkje. Men i bubilen hentar ho ei skei til meg. Ho er alltid blid og er nok ein engel for mange i deira nærleik. Så no fekk eg både den og kjennskap til at den tidlegare Bjørgvin-biskopen, Hagesæter, skal kome og halde foredrag i oktober. Han er jo som kjent blitt prosjektleiar for planane med eit nytt pilegrimsenter i Røldal. Sidsel ber meg kome då.  Ja, eg kan vel det, men er har ikkje berre gode røynsler med at frivillig initiativ vert tatt positivt imot om det ikke stemmer med papirbunken, planane som er satt og godkjent i mjuke stolar med hjul og utan skit under føtene. Og eg er ikkje audmjuk nok til å verte oversett. Då er det betre å halde seg unna og drive med sitt. Om eg trur på det eg gjer, kan eg klare meg med lite –  men eg har kjøpt meg ein berlinerbolle til kaffien…

Eit rom hadde vore kjekt, men så lenge eg ber på telt. liggeunderlag, sovepose og primus, er det godt å få brukt det.

Campingen her er nok ein fin stad om det er varmt i veret, tett ved Sandvinvatnet som den ligg. Veret er bra, men ikkje strålande, eit noko reservert sommerver og ikkje som på campingplassens reklamebilete til venstre… Eg går ikkje i soveposen før langt over midnatt. Vekkarklokka står på 05.00.

det er lett å rettferdiggjera seg sjølv, og kan hende gjer eg urett med det eg skriv ned av tankar denne kvelden. Ei ber ei bøn som eg vil gjere til mi:

Herre og Meister i mitt liv, 
gje meg ikkje over til ånda som fører til latskap, mismot, herskesykje eller tome ord.

I din nåde gje meg, din tenar, 
den ånda som gjev meg heilskap, kravløyse, tålmod og kjærleik. 

Ja, Herre, lær meg å sjå mine eigne synder, så eg ikkje dømer bror min. 
Du er velsigna i dei evige tidene.      

Bøn av St. Efrem syreren (303-373), oversatt til nynorsk av Øystein Lid

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s