Over fjellet ved Folgefonna

Dag 4: Frå Krossdalen til Reidsete

 
Gå til Dag 1
 
Vegen oppover Stavbergsdalen har vore hard, brattare og brattare, og det har ikkje vore lett å sjå kva som har vore ei naturleg vandre-, eller skal eg heller overdrive litt og seie klatrerute, då juv og skrentar kjem tett. Sti har eg berre måtte gløyme, men hjortetråkk har stadig dukka opp og dei har eg har valt å fylgje. Om gleda var stor på førre røldal-merke, er ho dobbel når eg finn det neste, no ein time seinare. Merket er festa på berget tett ved elva, som her ikkje er så stor, og ho har laga ein flott kulp mellom bratte berg.
Ruta opp Stavbergsdalen er dårlig bratt og hard
Det er eigentleg lett å hente vatn her, men eg merker eg er anspent og sjekkar kvart eit steg dei meteren ned på ei flat hylle som strekkjer seg ut i kulpa. Eg sjekkar òg kvar er har mobil og gps før eg bøyer meg. I alberguet (pilegrimsherberge) i Àvila, dagen før mi vandring skulle starte mot Santiago i fjor, glei mobilen ut or lomma og ned i eit dusjkabinett med nok vatn til å dekkje han. Eg var sikker på han vart øydelagt. Men morgonen etter fann eg ut, ikkje forstår eg korleis, at eg kunne bruke den med øyrepropp, men etter to veker var han god att. Ok, det var ein iPhone, så det var ikkje berre å erstatte eit vandrande kontor. Eg måtte (ja, innrømmer det òg) ha sporadisk kontakt med og lese e-post frå han som skjøtte forlagsarbeidet når eg var borte. Eg kan ikkje hugse om eg har nevnt at eg driv Efrem forlag. Neste gang vert det uten mobil.
Eg kviler og eter noko lite. Eg kjenner meg litt uroleg. Skodda vil ikkje sleppe heilt, og kjem stadig drivande inn mot fjellet igjen. Vegen er mer karrig enn eg trudde og eg må berre innømme at eg ikkje er særleg fjellvant. Sæleg? I Norge har eg kun vore over vidda – eg snakkar om «vidden» det mil-lange platået mellom Ulriken og Fløyen i Bergen. I Spania gjekk eg over eit 1500 meters fjell på veg til Oviedo, men fjellvant – tja. Eg har det med å meistre det eg må. Men koste noko kan det. Eg må fortsette. Ikkje sitte her og drøyme meg bort.

Snart år vegen på bare fjellet og eg må gong på gong halde fram kart, kompass og gps for å vere sikker på at dette verkeleg er vegen. Lukkelegvis har istida her gjort fjellet mindre kantete, men det gjer òg fritt fram for løypeval. Det er fleire stader det er mogeleg å til dømes passere på begge sider av små fjelltoppar, og meir enn ein gong må eg stoppe opp og revurdere valget. Eg er ingen erfaren kartlesar heller, men med tida til hjelp klarar eg å lokalisera meg – og eg skal vere i leia, sånn ca… Eg var nok mindre fattig i ånda då eg stara ned Korssdalen i dag tidleg…

  ✠

… eg er i godt driv oppover Krossdalen, og når eg kjem til vegskiljet der ein tar til høgre om ein vil mot Folgefonna, har det lette regnet stoppa opp. Sjølv om eg ikkje kom meg av garde før kl 08.30, stoppar eg for å fotografere – og poste på Facebook! (eg er ein moderne pilegrim, må vete) Alejandro (på spansk uttales «j» som ch i Bach) eller Alex som dei fleste nyttar (berre mora nyttar Alejandro, fortalde Agria – sambuaren hans) har kommentert første dagens FB(pilegrim-røldal)post.  På mi Spania-vandring var han omlag den einaste som frimodig snakka engelsk i gruppa av ti spanjolar eg gjekk ei tid saman med. I Spania vert all engelsk dubba, film, tv – alt. Agria kunne skrive godt; ho arbeidde i DHL og dei nyttar engelsk i all kommunikasjon, men å snakke satt langt inne… Alex er 32 år og underviser i latin på universitetet i Bilbao, og han skriv eg er eit eksempel på ein romersk legionær – vel:

Kart, kompass, gps og bønn i ny og ne duger.

Øyvind Lerø I telt etter Hatvik-fergen. Fra Kristkirketomten, Bergen og 47 km i dag — nærmere Røldal… kanskje. Spent på beina i morgen.

Mobilopplastninger 1. juli kl. 22:38 via Facebook Mobil ·

 Alejandro Martínez Sobrino judging from the picture you’re like a roman legionaire: walking magnis itineribus (25miles per day) and bringing all your impedimenta (back-pack, tent, food and water supply, etc.). ;-D
4. juli kl. 08:53 · Liker


Det er håp om godt ver
, skodda letter no, det berre ser ut til å ta litt tid. Eg kunnefylgd bilvegen opp til punktet der pilegrimsvegen over fjellet startar, men veljer å gå gennom bygda – mellom gardane. Det vert nok villmark utan folk og fe seinare i dag.

 Men det visar seg snart det er meir fe enn folk som kjem for å ynskje meg god tur 🙂 Det er ein særs fredeleg stad eg vandrar på. Naturen er i si grønaste drakt, frodig og rank, og dyra tar imot med audmjuk glede. Då eg når punktet der pilegrimsvegen startar, kjem dei strøymande – nysgjerrige sauer og kyr. Men eg har ingen mat eg kan kvitte meg med. Men kan hende vil dei berre bli filma og fotograferte. Meir av den forfengelege typen, altså. Litt sånn som meg sjølv. Ha, ha! 

Utålmodig etter å gje meg i veg opp Hardingarinden, og klokka 11.10 sa eg adjø til dyra. Eg tenkte på dette (franske) ordet «adjø». Det er like eins på spansk: Til Gud; A-Dios, A-Dieu. Eg òg skal til Gud og opp i skogen gjekk det. Lauvskog og fine okergule merker på trea gjorde det lett å fylgje stien, sjølv om han mange stader var grodd igjen.

Stor vart begeistringa då eg nådde det første Røldal-merket (sjå det øvre bilete på sida) etter startstaden. Merka er i metall og dette var festa til fjellet. Litt pussig var det at det derfrå ikkje var nokoteikn som synte kvar vegen fortsatte. Eg mintes ei stor og tjukk bok eg såg på eit albergue i Spania som synte alle tenkjelege måtar å merke vegen på; reine vitskapen. Frå Jondal turistkontor har eg mottatt eit kart (kr 149,- + porto) over turar i området, der iblant pilegrimsvegen; den er den einaste som vert merka med «hard». For første, men ikkje siste gong kom dette godt med. Med kartet framme kunne eg sjå at vegen gjekk rett til venstre og ikkje rett opp i skaret som eg trudde. Der låg det faktisk snø, så langt nede, altså. Det uroa meg.
Kvart år sia 2005 har ei gruppe i regi av kyrkja i Jondal gått pilegrimsvegen over fjellet til Reisæter. I år skulle dei gå på gammaljonsokdagen 6. juli, dagen eg planlegger å vere framme i Røldal. Eit år måtte dei snu pga tette snøbyer. Eg kjenner  gleda på ny då eg passerer ein topp med varde til høgre for meg. Den viser tydeleg på kartet og er på 1200 meters høgde – eg er på rett veg. Eg jublar – a Dios!

   ✠

Eg passerer etter kvart på venstre sida av fjelltoppen lengst oppe i Stavbergdalen. Vegen tar nå ein meir austleg retning, og mellom denne og neste topp i øst er eit snøfylt dalføre, langt i frå det fyrste, men det fyrste med ei elv – om ikkje altfor stri – i botnen, og som eg er nøydt til å passere. Eg studerer terrenget der nede, må vere særs forsiktig når eg kryssar snø som ligg over elveleia og vere 100% trygg på at snøen held. Truleg er den fleire meter tjukk.  Ja, korleis kan ein vete det? Syn og hørsel, intuisjon – eg vil helst ikkje tenkje på kva som er det verste som kan hende…
Sjokkert ser eg at eg har brukt fire timar berre frå eg forlet kyrne, og eg er enno ikkje på toppen. Men eg tar likefullt ein ny kvil før eg kryssar dalen.

Eg er igjen kliss våt på føtene og etter eit sokkebyte tar eg små plastposar utanpå, så fukta i alle fall skal kome av varme frå meg sjølv og ikkje frå dei våte skoa. Svært amatør – men. Eg meiner eg kan sjå til varden som ligg ved Langedalsvatnet, rutas høgste punkt. Der veit eg at oppstiginga er unnagjort og eg reknar med at landskapet skal flate ut og vere lett og ta seg fram i. Klokka nærmar seg halv fem når eg er på toppen (foto til venstre), og då skya fær, er det god utsikt til Folgefonna. Eg kan til og med sjå skitrekket som beveger seg opp på breen frå skisenteret ved foten av breen.

Positivt overraska ser eg at vegen no igjen er nokså godt merka; gule merke i tillegg til vardar på kvar ein mogeleg plass. Men s
kuffa må eg konstatere at vegen vidare ikkje er flat og fin, men opp og ned og stadige snødekte forseinkingarog dalar som må passerast. Nokre er litt skumle på grunn av elv og «kalving» frå isen. Men då ser ein kor tjukk isen mange stader er, men så var det med sprekker då, sjølv om dette ikkje kan reknast for å være regulære isbrear. Men kva er forskjellen utover stoleiken?

Ein time seinare kan eg sjå Revavatnet som ligg nokre hundre meter inn frå kanten der nedstiginga skal starte. Men no går eg feil og møter ein snødekt dal eg ikkje kan passere. Det er for bratt å komme seg ned og der nede ser det skummelt ut, den største elva til Revavatnet er med å forme landskap og is.
Eg får ein irriterande tur tilbake og opp i fjellsida nord for dalen. Eg kjenner eg har fått nok oppstigning i dag. Humøret betrar seg når eg finn ein merka varde som fortel at eg er på rett veg igjen.

Då eg kjem så nær at eg ser kanten av fjellplatået kjenner eg meg særs liten. Mon tru om eg har ein tanke høgdeskrekk; kan hende er det difor eg har tenkt mykje på nedstigninga; kan hende er det mest på grunn av eg er trøytt og svolten.

Men aner eg også orsakar som eg ikkje kan plassere i min eigen kropp. Forutaningar er ikkje så enkle å hanskast med. Eg tar eit foto før eg går ned til kanten.

Fra kanten er det 1100 meter ned, med snødekte skråninger og vei ned som må merkes hvert år. I år ennå ikke...

Då eg kjem frampå, ser eg snøen ligg utover kanten – og forsvinn – og eg kan ikkje forstå kvar eg skal kunne ta vegen ned de 1000 meterane til Reisæter her ifrå. På kartet seier omtalen at vegen ned endrar seg kvart år då vinteren og vårens snøskred gjer endringar i terrenget som også får fylgjer for nedstiginga. Eg må vel ikkje snu? Det er fire dagar til Jondal-gjengen skal ned her, og god til for kjentfolk til å merka ein veg. Stien på gps’en er mest rett ned, over snøskavlen, og der er det på ingen måte farbart. Eg legg ikkje merke til at stien på Jondal-kartet startar meir til venstre enn kva kartverket si innteikna rute gjer på min gps. (Eg kunne ikkje dy meg, eg måtte berre komme med denne tilleggsopplysninga, sjølv om eg skriv i presens)

Eg hadde tankar om å ta meg ein kvil før nedstigninga – (skal eg fortsette i presens no når eg er avslørt?) – og så eg gjer. Eg er ikkje svolten, men veit eg treng å ete då eg ikkje har spist noko særleg sidan frukost. Klokka er no blitt sju på kvelden og eg har snart vært i støvlane i 12 timar. To pizza stykke med hjortekjøt har eg spart på. Dei har lagt i sekken i 36 timar. Kva er dette? Midt i det første vil magen brekke seg. Eg har berre vatn og det er ikkje heilt kaldt, men tenker at det vel vart noko tett nede i spiserøret. Eg et vidare. På første biten av andre pizzastykke kjem alt opp att. Eg ser på det med undring. Er det meg eller hjortekjøtpizzaen som har problem? Kanskje begge. Eg prøver noko anna, ein rosin-nøtt blanding, men eg får ikkje ned noko som helst. Det vert ikkje meir eting, og det siste stykket som manglar ein halvsirkel i enden legg er frå meg på steinen. Det får bli til Guds firbeinte eller dei med vengjer; ja, det er nett det eg treng… Eg gjer meg sjølv god tid – tjue minutt kvile, nei, eg må gå. Turen ned til folk går nok unna om eg først kjem i gong, vil eg tru… Der, lengre til vestre kan det kanskje gå.

Eg finn ei lei på skrå nedover, men etter nokre meter vert eg på nytt stoppa av snø. Eg må på nytt gå oppover. Snøen ligg bratt nedover, og det er så langt ned at det ville være farleg å miste fotfeste. Lengre opp gjer snøfonna ein sving på tvers av fallretninga før ho på ny går rett til værs. Der oppe (sjå første raude trekanten på bilete under) kan ein passere utan å risikere altfor lang ferd om ein skulle miste feste. Eg kjem meg over og kan gå temmeleg beint ned eit stykk før neste fonn. Denne er akkurat passeleg bratt til å kunne skli kontrollert på støvlane. Eg fell berre ein gong, tar opp fart, men klarar å stoppe. Her ser eg også tydeleg eit spor etter folk i snøen! Nokon har sklidd på føtene slik eg sjølv gjer. Snart har eg fjell under føtene igjen.  Det ser no ut til at eg ka

n bevege meg eit godt stykke på fjell skrått ned på tvers av dalen, men eg kan ikkje sjå om det fører til ein mogeleg plass å komme seg forbi det som ser ut til å vere ein bratt rygg som renn nedover dalen. Eg sjekkar gps’en. Den viser stien, i overkant av ein liten nabb skrått opp til høgre, ja – mykje høgare opp.  Skal eg opp dit må eg gå skrått opp over ei snøfonn som strekker seg svært langt ned i skråningen. Det ser ut til å være eit gamalt spor i snøen frå her eg står og opp dit. Eldre enn det andre eg såg, men… er det eit spor av folk? Er det frå sauer. Er det ein gammal sprekk? Sporet kan tyde på at det er der oppe ein må finne vegen vidare. Eller nokon har gått hit ned? Vegen er vågal, langt ifrå risikofri – dumdristig? Snøfonna er bratt og fell brattare lengre ned, og berget eg står på skrår nedover. Snøfonna blir altså djupare etter kvart som eg beveger meg ut på ho. Midt ute i fonna (sjå raud trekant nr 2)  må det då vere mest 100 meter ned til botnen, eller til der ho stoppar. Eg setter staven godt i snøen for kvart steg. Eg går som ei maskin, med jamne steg, eg ser ikkje ned ein einaste gong. Når eg kjem på fjellet ser eg at eg har lurt meg sjølv. Eg må no nær klatre beint ned frå denne nuten og skli 10-20  meter på snøen til eg er på same rute så eg kunne ha vore på om eg hadde heldt skrått ned frå der eg tok fatt på extremsport-omvegen.

* * *

(Eg har no sjekka, det er omlag som 45 gradar bratt hustak, ca 90 m ned med 40 meter fall, rett i steinrøysa. Livsfarleg med andre ord; englevakt). Kan eg få lov å skylde på at eg var trøytt? Eller kanskje eg berre er slik, velger omvegar.

Ok, eg innrømmer at eg hadde englevakt ein gong til denne kvelden: Klokka var blitt 21 og ei elv måtte passerast. (Sjå biletet til venstre. Kart og spor er på maks storleik og er ikkje heilt rett, men sirkelen viser der overfarta var.

Gps’en avslører i alle fall tydeleg noko)

Eg var i villreie og betre blei det ikkje av at kvar gong eg nærma meg elva satte sauene i å breke noko heilt valdsamt. Dei lo av meg;  dei ville åtvare; dei hadde sjølv age for elva og klarte ikkje halde det tilbake – eg veit ikkje. Nå vel, elva var ikkje særs brei (på gps’en 10 m, men so brei var ho ikkje; om lag 5), men djup nok og stri nok. Der ho var trongast hadde fleire tre festa seg. Dei var nokre meter lange, men likevel for tynne til å bere ein mann med sekk.

Eg prøver å kaste nokre steinar ut på ein plass der det er mest grunt, men det blir for smått. Om eg skal kommer over må eg klare elva på fire lange steg. Det kan vel ikkje gå. Eg travar opp og ned langs elva fleire gonger og står og ser, før eg etter 12 minuttar tar sjansen –  sett staven så langt ut i elva som råd er og skjønar at eg må hoppe og lande på ein fot på ei sidegrein til den eine trestammen, og utan å stoppe slenge den andre foten på ein dugandes stein i midten av elva…

* * *

Det var nok endå meir uvirkeleg for Peter då han gjekk på vatnet. Men eg opplevde at eg ikkje fullt og heilt var overgitt til naturlovane på desse fire stega eg  heller. No hugsar eg ikkje korleis eg måtte fote meg for å passere andre halvdel, men eg hugsar eg ikkje kunne forstå at det gjekk bra, det heller. Eg hadde ikkje planlagt så langt…  Våt er ein ting, men om trea hadde losna kunne eg ha blitt ført nedover, og lengre nede gjekk elva i stryk. Som alltid gløymer eg å fotografere dei viktigaste tinga…

Frå elva er det fin sti ned til Reiseter. Sjølv om klokka er halv ti på kvelden er bønder ute og nyttar det fine veret. På ein veranda i første bustadhuset står ei kvinne og heng opp klede.  Eg spør om ho veit om nokre stade i nærleiken for overnatting. Ho seier først nei, men roper meg tilbake. Ho vil høre med dottera, sjølv bur ho i Odda og er berre på besøk. Snart viser dottera seg. Jau, ho kan ringe nokon. Etter nokre minutt kjem ho ned framføre huset. Ho har snakka med Arnhild på Bleie som framleis leier ut. Ho forklarar ein snarveg. Ned gamlevegen og … og etter to bruer på Bleie kan eg spørja etter Arnhild. Kva anna kan eg gjere enn å høgt be om at Gud velsignar ho. Ho smiler og ynskjer meg god tur vidare. Heime hadde eg planlagt å gå til Eikhamrane leirplass etter fjellpasseringa, optimisten! Det er fullstendig umuleg å gå 10 km meir i dag. Eg skal vere glad om eg maktar dei tre til Bleie. Nedoverbakke på hardt underlag er ikkje helsefremmande for trøytte pilegrimar, men etter å ha passert dei to bruene treng eg i alle høve  ikkje spørje etter Arnhild, for ho står og ventar midt i vegen.

Det eldste rettsdokumentet i Norge skriv seg frå Bleie, og denne natta sov eg i den eldste stova i bygda. Arnhild leier ut til arbeidarar og turistar i eit par andre nyare hus, der eg måtte nytta dusj og toalett då gamlestova ikkje har vatn. Til seg sjølv har Arnhild innreidd – eller held på som ho sa då ho viste meg rundt – ei løe til husvære.

Arnhild si stove på Bleie

I høgste etasje bur ho på to rom, men det største var truleg 100 kvm! Berre eit lite soverom hadde ho (etter kvart) avskore frå resten, og i etasjen under var badet plassert.

Etter kvart er eg aleine i gamlestova. Kvart over ti kom eg til Bleie, ein vandring på nær 15 timar. No er klokka over elleve, men eg kan ikkje legge meg enno. Arnhild har lånt meg ein skotørkar som bles både i sko og ullsokkar. Eg får tåle lukta.  Heilt heimafrå har eg bore på ein pakke «Turmat Chili con Carne». Berre kokande vatn i pakke n – vent så 5 min.
Mitt leie på Bleie. Aldri har det vel vært så godt å legge seg...
Etter pizzakrasjet opp i fjellet –  bevare meg vel, eg får angst ved å tenkje på den stunda – er eg usikker på om eg vil halde på maten. Eg har kjøpt juice og nokre halvstekte, grove stykke små brød med rosiner og nøtter av Arnhild. Dei fem minuttane har passert. Suksess»!Maten smakar heilt i hundre og konsistensen er medgjerleg. Det er verre med eit stykke av det kraftige brødet. Med juice og «con carne» klarar eg nesten eit halvt.

Denne mandagen hadde det vore mykje bøn gjennom dagen; no sto det berre igjen å takka.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s