Dag 2: Mot pilegrimstunet på Tegland

Halvvegs til Eikelandsosen, nede ved sjøen, finn eg ein fin plass å stoppe, knaske noko for blodsukkeret og mest av alt for å lufte føtene. Snittfart innover fjorden har vært 5,8 km i timen, og eg har gått i ca to timar etter ein noko sein start. Klokka er halv elleve. Asfalten plagar meg førebels ikkje. Faktisk er eg overraska over at eg merkar så lite i føtene etter gårsdagens 47 km.

Det først eg tenkte på då eg vakna, var i kva tilstand bein og føter var i. Eg sirkulerte og tøyde fotblada, bøyde tær og strakk leggane mens eg ennå var i soveposen. Everything seemed to be ok.

Eg kan sjå inn til Eikelandsosen der eg skal forlate sjøen og ta innover landet mot Hålandsdalen.

Å sove i telt blei ikkje heilt godt. Eg fann etter kvart ut at liggjeunderlaget mitt er temmeleg glatt, så då teltet ikkje sto 100% flatt, sklei eg stadig av med soveposen.

I kveld skal eg sove i ei seng! I Hålandsdalen, nærmare bestemt på Tegland, ligg ein gard som ein venn kjøpte for eit par år sidan og busette seg med kone og to born. Eg gler meg til å besøka dei, og endå meir på denne måten – vandrande – heilt i Svein Arne og Kristin si ånd.

Svein-Arne var ein god kunde i «bokladen» eller Ikonhuset, den økumeniske bokhandelen er dreiv i Marken i Bergen, butikken som mange ofte stakk innom berre for å vere der litt… Han var fin, med ikonar, oljelampar, krusfiks og rosenkransar; eit smykkeskrin på mange måtar; var til og med på NRKs Norge Rundt og meir enn ein gong presentert i bergensavisene med store oppslag, ja eg meiner oppslag – to sider. Men sjølv om mange såg på denne butikken som verdifull og noko det burde vere eit grunnlag for å kunne drive utan å stadig stappe pengar inn i sprekkar og hol, gjekk det ikkje i lengda. «Ein skigard kan ikkje vare evig, veit du». Gud lot Bysants gå i grus, så kvifor ikkje ein liten butikk i Bergen.
Ja, ei tid trudde eg virkeleg at Gud ville syte for den, men der tok eg feil, eller gav eg opp for tidleg? Var eg ikkje tru i dei små tinga? Eg kan berre ikkje få meg til å tru at alt som ser godt i den kristne frukthagen er eit resultat av Guds finger. Snarare at det berre det som døyr som kan bere frukt i neste avling. Men så «enkelt» er et nok heller ikkje. Men slikt kan vere rett å reflektere over. Ein har spøkefullt sagt om det kristne Norge: «Om Jesus kom att, ville alt likefullt ha fortsatt inntil budsjetta var brukt opp»

Det vert lunsj i Eikelandsosen og et lengre stopp enn planlagd. Veret er varmt og plassen er fin. Eit lite kjøpesenter ligg tett ved sjøen og nedanfor, på det fint tillaga strandområdet, har eg funne meg benk og bord. Fuglane er og svoltne. Etter ein kvil går eg inn på kafeen og tar meg ein kopp kaffi og ei svele – eller kanskje det er berre på ferjene på Sunnmøre det heiter det. Klokka er blitt eitt og det er på tide å «ta laust».

Etter nokre km, 20 så langt denne dagen, merker eg at føtene er slitne. Kvar gong det er synleg grus, som til dømes når ein passerer ein sideveg eller haldeplass av noko slag, eller når vegskuldra er utan asfalt, framleis flat og utan for høgt gras, kryssar eg vegen for å få nokre mjukare skritt. To gonger viser gps’en meg at eg kan ta ein avstikkar på ein parallell veg – med grus!! Eg har ei dobbel kjensle ved at teknikken gjer velsigningar…

I Norge er dei fleste vegane stadig endra og utvida og til slutt asfalterte. I andre land har dei gamle vegane meir fått vere i fred, og nye, meir moderne vegar har blitt til frå «scratch». På denne måten har dei kunne behalde eit nett av grus og jordvegar. Men langs med fjordane på Vestlandet finn ein ofte berre ein mogleg vegtrasé. Sånn er det berre.

Ein avstikkar eg ikkje angrar er vegen opp til Holdhus kyrkje. Utanfor sit ei ung jente og les Harry Potter på engelsk. No vil ho ha 55 kroner om eg vil inn!

Ikkje for det, ho er blid og hyggjeleg og blir med inn for å gje litt valuta for blodprisen; det er mykje interessant å høyre om kyrkja. Dette er ei tidlegare stavkyrkje, og eldste kjende kjelde seier ho i alle fall stod her i 1309. Seinare vart ho bygd om. Reformasjonen satte sitt preg på kyrkja; ein staseleg preikestol er frå den tida. Det oser av gammalt kyrkjeliv.
Det er nesten som ein vert litt grepen av reformasjonsrørsla si pedagogiske kraft når ein ser den store tavla anno 1590 med sentrale tekstar til bruk når nattverden vart feira. Preikestolen er flott!

Men det som fascinerar meg mest er den naivistiske krossteikninga på veggen som deler koret og skipet. Kristus er teikna på ein Tau-kross. Sjølve utforminga gjer assosiasjonar til koptisk ikonografi, den tydeleg naivistiske forma ein finn både i Egypt og i Etiopia, dei koptiske truande sine hovudseter.

Krossen (Tau som betyr bokstaven T) har egyptisk, førkristen og direkte heidensk okkult opphav, og til dømes Frans av Assisi velsigna alt han åt og alt han skreiv med ein tau-kross. I tradisjonen skal denne krossen vere eit sterkt bilete på at Kristus har seira, er høgste makta og at ei velsigning med ein tau-kross i Jesu namn er særleg mynta på å halde dei vonde maktene borte.

Kvart eit steg er vondt no. Etter å ha slappa av utanfor Holdhus gamle kyrkje og lunsja, fann eg ned at til vegen att, men då i vandresandalane igjen. Eg ville gje dei ein ny sjanse. I spania hadde eg dei bak, under sekken. Det var ein fryd å få dei på kvar ettermiddag. Men på veg ut av San Pedro de Latarce (etter å ha overnatta i rådhuset i gangen utanfor rettssalen!) miste eg dei. Sekken blei 700 g lettare, takk for det, men å gå på messe i flipp-flopp (bade)sandalar var både litt lite høgtidsstemd og gav meg smerter i overgongen mellom fot og legg. Og no, etter nokre km, har eg store smerter i høgre foten, frå overgongen mellom fotblad og legg og eit sneis cm opp på leggen. Når eg melder Svein Arne (Myhren Tegland) om at det går sakte og eg ikkje kan ventast før kl 18, er det freistande å takke ja til å bli henta. Men nei, eg er ein pilegrim! Eg tenkjer dei tydelege smertene kom nå svært brått på, ja, etter at sandalane hadde kome på, så eg bytar tilbake til vandrestøvlane. Det hjelper ein del, men det er ikkje godt og eg ser at eg enno har 5-6 km att. Det er betre i oppoverbakkane og den bratte vegen forbi Skeie kyrkje er ikkje den verste biten. Det er nedoverbakkane. Leggen er litt hoven, truleg kan eg ikkje nytta sandalane medan eg går med tung sekk. Eg treng den støtta på anklane som fjellstøvlane gjer. Dei har også såle med bra demping, så då er det avgjort; sandalane blir heretter berre nytta til kviletid og kveldstid.

Det blir ein fin kveld, med tidebøn under fjellhammaren, pizza saman med familien etter at eg har sett på knappesamlinga til Gjøa (8) og det fine perleriet til veslesystera Gjertrud. Seinare kjem det eit glas raudvin på bordet og praten er kreativ. Ekteparet fortel at dei har tenkt å kalle seg eit pilegrimstun og vil gjerne vil ta imot pilegrimar. Nede ved vatnet ligg ei hytte med alle fasilitetar som kan nyttast; rett nok er den godt besøkt av mange som vil prøve fiskelukka. Dei planlegg derfor å gjere i stand eit eige krypinn med dusj og kjøkkenfasilitetar i eit bygg tett med våningshuset. Eit steinkast frå garden, under ein berghammar, er det satt i stand eit utekapell; enkelt innreidd med berre eit steinaltar med eit Kristus-ikon på, men kva meir treng ein eigentleg. Det er heilt i Abrahams ånd. Der held husfolket tidebønn som besøkande kan ta del i, noko eg som nemd fekk glede av før måltidet.

Ved midnatt går eg takksam til sengs i gjesterommet, eit rom fylt med bøker, ikon og andre religiøse gjenstandar. Bumerket på Tegland er etter gamalt ein kross har husfolket funne ut; ein kvadratisk kross; det er sjeldan å sjå ein heim i vår tid med så mange element i alle rom som peikar på den trua som dette huset er bygd på. Og det er vakre ting – alt. Eit hus i cistercienserklostra si ånd i Hålandsdalen!

Svein Arne, som er diakon i NKK (Den nordisk-katolske kyrkja, eit kyrkjesamfunn med ein fot i den ortodokse og eit i den vestleg-katolske arv) skal til Bergen i morgon tidleg.

Det er ei freistande tanke å seie: «Nok er nok, eg har betennelse i leggen», og så sitte på med han tilbake. Eg må sove på det. men først får leggen eit tynt lag med Ibux-krem; betennelsesdempande. Eg kjenner at opphaldet her i alle fall har gitt meg tru på og styrke til å gå vidare i morgon om foten lar seg be. Og husfolket vil be for meg; godt å tenke på som motvekt til ein aning uro for turen om to dagar over høgfjellet. Eg takkar Gud.

Men morgondagen skal på sitt vis òg sette motet på prøve…

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s